Advarer mot å forby smartbriller: – Mye kraft i AR
– Teknologer må forstå det, i stedet for å forby det, skriver CTO Tor Gjøsæter om smartbriller. For han fikk øya opp for AR-teknologi i 2008.
Smartbriller kan vere veldig ekkelt.
Ideen om at alle går rundt og overvaker kvarandre og ein vert teken bilete av i undiken medan ein mottek burgeren frå sykkelbodet er ikkje eit vént bilete å ha i hovudet.
Men i vår panikk for å bli teken bilete av i undiken så gjer me i god EU-ånd det heile forbode.
Me vil forby smartbriller flatt ut, før me i det heile diskuterer kva potensialet i smartbriller er. Me set oss i baksetet, peikar, og trur me bestemmer lure ting, hiver på nokre reguleringar, blir akterutseilt og skular på amerikanarar og kinesarar som gjer teknologi feil, i våre auge.
Så kjem dei brasande inn med superrå linser ein kan klaske rett på augeballane om tre år. Brått skaper dei ein heilt ny måte å samhandle på.
Ikkje veit eg.
Det eg veit er at det er nok dygdssignalisering (#brannfakkel1) på LinkedIn og i media til at eg vil vera djevelens advokat ein augneblenk og sei noko anna enn, "la oss forby det som virkar som ekkel teknologi".
Auka røynd
Sluttspelet for smarte briller er ikkje nødvendigvis undikbilete eller å kompromitere oss i private situasjoner kvart femte minutt. Men, Meta har nok forstått at dei må gå via våre ekle mennesklege tilsnitt om dei skal klare å rulle ut dette segmentet, eller skal me sei paradigmet av teknologi og brukersnitt.
For, til sist handlar dette om altomfemnande datahandsaming (ubiquitous computing) i samband med augmented reality. Trur eg.
Augmented reality, eller auka røynd som det heiter på norsk, er ein teknologi me kjenner frå Pokemon Go blant anna, men også gjort populært via Apple sine Vision Pro, Hololens og andre løysingar. Greia er at ein kan blande den virtuelle verda inn i røynda eller omvendt.
Det er mykje kraft i å blande det virtuelle med det ekte. Me gjer det eigentlig heile tida, smarttelefonen i lanken din kan kjenneast — på ekte — ut som ein utvida eller auka del av sjølvet.
Det er ikkje utan grunn at Meta, Apple og andre pøsar pengar inn i teknologi som smeltar saman vår røyndom med deira bunnlinje.
Cutting edge i 2008
Medan eg var ei forskarspire på UiB som forska på auka røynd vart Metaio brått kjøpt opp av Apple. Du har aldri høyrt om dei, men dette var dei flinkaste folka i verda på AR. Eg må sei det att så du hugsar det: Metaio, eit europeisk selskap var heilt fremst, skammykje mykje lenger framme enn resten av verda på smartbriller.
Dei hadde alle dei råaste computer-vision algoritmane, digge SDK og sjølvsagt ein på trynet forretningsmodell. Apple supa dei opp og bygde teknologien inn i Apple Vision Pro og deira eigen AR SDK. Årevis med kompetanse og R&D frå dei hippaste auka røynd-miljøa rundt ETH nede i Europa vart skufla bort til storkapitalen i USA.
Trist.
Me var cutting edge når me hadde slike smartbriller anno 2008. Eit head-mounted display (HMD) med eit webkamera teipa fast oppå, kabel til ein Dell XPS (#snikskryt) som kjørte grunnleggande algoritmar for markørattkjenning, for i de dager kunne me kun spela snake på telefonen.
For at me skulle auka røynda i brillene måtte brukaren stå bøygd over ein papirmarkør på golvet, filme den og få bilete sendt tilbake. Til venstre ser du rommet. Til høgre ser du kva brukaren såg, eit virtuelt lik på ein virtuell åstad:
Det var ganske elendig rigg, men konstablane frå Kripos såg potensialet.
I 2008 slo det oss ikkje at dette skulle bli forbode, me trudde blåaugd at AR var framtida.
Gjere det betre, ikkje kjipare
Eg er ikkje skikkelig blåruss enda, men eg ser at krafta i komboen av mjukvare og hardvare er ganske stor, og sjølvsagt skal me seie nei takk til undikbilete, men me kan ikkje forby teknologi berre fordi me synest det er ekkelt og likar å regulere ting.
Teknologar må heller gjere det betre, forstå det betre, gjere det kulare og meir nyttig. Forstå det, framfor å forby det.
Det skal ikkje mykje fantasi til for å forstå at om me klarer å kombinere vår meist potente sans (orsak til svaksynte som les dette på skjermlesar) med det digitale heilt forbanna saumlaust er det meist ikkje grenser for kva me kan avhende til AI.
For om me klarer å forstå korleis me kan lage altomfemnande datahandsaming no, lage kulare og ikkje minst meir chill teknologi innan dette segmentet enn Meta-eklingane, kan me moglegvis ta innersvingen på dei.
Eg trur medisinen til smartbriller er å gjere det betre, ikkje kjipare, treigare og fullt av cookie-popuppar.
Me har stadig solide AR- og HCI-miljø (human computer interaction) i Europa, men om ryggmargsrefleksen er å forby computer vision og det som liknar på smarte briller, kjem ikkje unge, lovande og politisk korrekte studentar til å ville jobbe med sånne ting. Då vil dei heller arbeide med neste startup som forenklar eit eller anna søknads- eller rapporteringsregime mot Brussel. (#brannfakkel2)
Og til sist, Meta og gjengen er nokre elendige drittsekkar. Korleis dei har nytta den råaste forskinga på psykologi til å råtne hjernane til våre born er noko av det meist uetiske som er gjort, men samstundes har det gjeve dei eit balletak me ikkje klarer å regulera oss ut av, men kjem alltid for seint.
Eg trur medisinen til smartbriller er å gjere det betre, ikkje kjipare, treigare og fullt av cookie-popuppar.
Foretrekk oss i Google Discover
Ved å legge oss til som foretrukket kilde i Google vil du blant annet få opp flere av sakene våre i Google Discover. Tusen takk for støtten!