– På onsdager har vi ingen møter. Så det er en fin dag å være i kodebobla!

Ukas koder Målfrid Henden Aaraas i Pexip liker aller best å være på kontoret.

Målfrid Henden Aaraas er glad i å møte folk, og liker derfor å være på kontoret. 📸: Privat
Målfrid Henden Aaraas er glad i å møte folk, og liker derfor å være på kontoret. 📸: Privat Vis mer

Hvorfor ble du utvikler? 👶

Frå eg var liten har eg alltid vore glad i å henge på dataen!

Eg har to storebrødre som eg likte å kopiere, så kva enn dei fant på ville eg gjere det same. Derfor blei det ein del gaming i barndommen, spesielt Heroes 3 og Age of Empires 2.

Koding starta eg å lære på universitetet. Det har berre blitt kjekkare med åra jo meir eg har koda og lært. I jobblivet har eg fått prøvd meg på spillutvikling, konsulentlivet og no trivst eg godt i Video Valley hos Pexip!

Hva jobber du med? 💪

Pexip driv kort sagt med videokommunikasjon, og til dagleg utviklar eg på Pexip si videoløysing for web som er utvikla i React.

Då er WebRTC og andre media web API-er sentral teknologi. Ellers har eg team- og personalansvar som eg òg brukar tid på.

Målfrid Henden Aaraas stortrives i Pexip. 📸: Privat
Målfrid Henden Aaraas stortrives i Pexip. 📸: Privat Vis mer

Hvordan ser uka ut for deg? 📆

Den er flex og varierer frå veke til veke.

Eg er stort sett på kontoret då eg er glad i å møte folk. Teamet mitt er spreidd rundt i Europa (Oslo, Sverige, Tyskland, Polen og Bulgaria) så vi både utviklar og brukar vår eiga teneste mykje gjennom ein arbeidsdag.

På måndagar har vi eit par statusmøter for teamet og R&D-avdelinga for å bygge motivasjon og sette retninga på skuta. Kvar fredag sendast PexTV, eit heimesnekra TV-show frå Oslokontoret, der vi feirar “wins” og pratar om det som har skjedd hos Pexip den siste veka.

På onsdagar har vi ingen møter, så det er ein fin dag å vere i kodebobla.

Hva er ditt beste råd for å komme seg videre når du står fast i kodinga? 🧠

Eg er ein visuell tenker, så å teikne opp problemet kan gje meg ei a-ha oppleving eller bringe meg nærmare løysinga. Ellers sit det ikkje langt inne å spørje om hjelp frå ein kollega.

Å sparre med AI kan òg hjelpe med å gje meg litt fleire perspektiv.

Sist men ikkje minst vil eg anbefale å ta ein pause frå problemet. Å ta eit par rundar med segwayen på kontoret og sjå igjen på problemet med eit nytt blikk kan gjere underverk.

📸: Privat
📸: Privat Vis mer

Hvilke trender tror du på framover? 🔭

Walkie talkie! I nostalgiens ånd har eg kjøpt walkie talkies til meg og mine nærmaste naboar. Det er ein gøy og lågterskel måte å pratast på. ❤️

📸: Privat
📸: Privat Vis mer

Hva synes du er mest krevende ved å være utvikler? 😅

Å finne balansen mellom å levere nyttig kode, vere ein god kollega, holde seg oppdatert på ny teknologi/verktøy og fortsatt behalde kodegleda oppi alt.

Hva er den mest utfordrende situasjonen du har stått i? 👀

Under studia var eg på utveksling i Barcelona. Eit par månader før semesterstart fant eg ut at eg måtte ta dei fleste fag på spansk og ikkje engelsk som eg hadde planlagt. Då la eg meg i hardtrening for å lære meg språket på ein sommar!

Lite visste eg at Catalonia i 2017 skulle jobbe mot å bli uavhengige, og fleire lærarar foretrakk å undervise på katalansk.

Å lære om operativsystem og kunstig intelligens på spansk/katalansk var seigt. Heldigvis fekk eg ein del katalanske sympativennar i klassen som hjalp meg gjennom det. ❤️

Hvor tror du utvikleryrket er på vei? 🤖

Eg trur utviklaryrket som mykje anna vil forandre seg i takt med teknologiske framsteg og generelt fordi verden forandrar seg (snork svar, ja).

Kompetanse og eigenskapar som AI ikkje kan by på trur eg er viktig at ein utviklar i alle fall har, for eksempel analytisk og kreativ tenking og ein god dæsj empati.

Ellers ser eg på AI mest som ei gåve for oss utviklarar. ❤️ Innlegget til Marta Paciorkowska var og ein artikkel til ettertanke for meg.