– At verda skal gå under er ikkje noko nytt

– Dommedagen let vente på seg. Det gjer ikkje konsekvensane KI har for utviklarane, skriv kode24-journalist Silje Rognsvåg.

Silje Rognsvåg er teknologijournalist i kode24.
Publisert

nyhetsbrevet 💌

Dette ble først publisert i kode24s ukentlige, håndskrevne nyhetsbrev. Bli med her, så får du også Norges triveligste nyhetsbrev rett i innboksen, som inkluderer mer enn du ser her, hver fredag!

Den siste tida har det tatt heilt av med dommedagsprofetiar om at kunstig intelligens vil ta livet av oss alle.

Tek-toppar har framstått livredde og bedt sjølvaste FN om hjelp og regulering, og Anthropic åtvara denne veka mot at eigen teknologi kan nekte å bli skrudd av.

Likevel enda KI-toppane tysdag opp med å bli samde med USAs president Donald Trump om å regulere seg sjølve. OpenAI har allereie stansa trening av nye modellar. 

Samtidig tek ekspertar til orde for at åtvaringane berre er løgn, tull og marknadsføring. Alt for å auke eigen verdi. Det er folka som bygger KI-en som er den eksistensielle trusselen, meiner vinnaren av ein alternativ nobelpris. 

Historia gjentek seg

For allereie i februar 2019, då OpenAI fortalde verda om språkmodellen GPT-2, blei KI omtala som «for farleg» og ein trussel mot demokrati og global nyheitsstraum, ifølge Inga Strümkes bok «Maskiner som tenker» frå 2024. (Ho har forøvrig vunne pris for å formidle KI forståeleg og kritisk no.)

Likevel heldt tek-selskapa fram med å utvikle modellane sine. Uansett kven som viser seg å få rett, har KI endra utviklarrolla noko enormt. Det siste året har mange nesten slutta å handkode. 

Denne veka kunne vi fortelje at 15 prosent av norske utviklarar fryktar for jobben sin på grunn av KI.  Samtidig trur 21 prosent at KI gjer at vi treng færre utviklarar framover. 

Bransjetoppane meiner at i alle fall seniorane kan ta det med ro. I alle fall så lenge dei kastar seg på KI-toget. 

Toppane ber også eigen bransje om å gidde å tilsette juniorar, sjølv om KI kan gjere dei enklaste jobbane no. For kven skal elles ta over som seniorutviklarar om nokre år, som toppane er opptekne av at vi framleis treng? 

Ukas beste saker fra kode24.no:

🍺 Ville utfordre Facebook: Nå har Hudd nedbemannet

Det norske sosiale mediet skulle utfordre hegemoniet til Meta. Nå sliter de med økonomien og har kuttet tre ansatte og 10-15 konsulenter.


🍉 15 prosent av utviklere frykter KI tar jobben deres

Og enda flere tror andre utviklere kan miste jobben. Men Marianne Melhoos tror ikke kunstig intelligens truer yrket hennes riktig ennå. 


🐶 KI-forsker Inga Strümke får Akademikerprisen

Forsker og formidler Inga Strümke hedres for sitt bidrag til at folk tenker kritisk rundt kunstig intelligens. –  Helt ubeskrivelig!


👦 Dette bør utviklere gjøre for å finte KI og få seg jobb

Juniorer sliter med å få utviklerjobber, mens de erfarne er stadig mer etterspurt. Her er jobbtipsene fra IT-bransjen. 


🐴 Fersk tech-festival boikotter Meta 

Ansiktsgjenkjenning i smartbriller var dråpen som fikk Trondheim Tech Port til å droppe annonsekroner på Facebook og Instagram. 

God helg!

Så – er KI, eller SI som Trump allereie vil kalle det, berre digitale bøker som gjer som vi ber dei om, som nokon understreka onsdag, eller tenker dei faktisk litt sjølv?

Sikkert er det i alle fall at utviklarrolla består av meir enn programmering, sånn tilfelle det berre blir agentisk koding framover. Men kva rolla består av om fem år, blir spennande å sjå.

I mens ønsker eg deg ei riktig god helg - og god haustferie til deg som har det no!

🎶 Silje,

kode24.no 

Foretrekk oss i Google Discover

Ved å legge oss til som foretrukket kilde i Google vil du blant annet få opp flere av sakene våre i Google Discover. Tusen takk for støtten!

Foretrekk oss 😻
Bygget med Labrador CMS