Sjekka 19 digitale helseløysingar: Ingen fylte alle lovkrava
750.000 nordmenn møter barrierar når dei skal bestille legetimar og fornye reseptar, viser fersk rapport frå Uu-tilsynet. – Både venta og nedslåande.
– Skal digitale løysingar i helsesektoren kunne brukast av alle, må tenestene vere universelt utforma, slår Uu-tilsynet fast.
Nesten ein av fem nordmenn strevar meir eller mindre i møte med stadig meir digitale helsetenester. Det kjem fram i ein fersk rapport frå Uu-tilsynet som blir lansert torsdag.
20 prosent strevar såpass mykje at dei gir opp.
27 prosent får forsinka helsehjelp.
– Vi har digitalisert i stort tempo, men kostnaden i den andre enden får reelle konsekvensar for dei som ikkje heng heilt med, seier Malin Rygg til kode24.
Ho er direktør i Tilsynet for universell utforming av ikt (Uu-tilsynet) ved Digitaliseringsdirektoratet.
Undersøkte appar og nettstader
I tillegg til ei spørreundersøking blant folket, har tilsynet sett nærare på tilgjengelegheita til 19 appar og nettstader i helsesektoren.
Dette fann dei:
Ingen av dei 19 tenestene dei har sjekka, fyller alle krav til tilgjengelegheit og universell utforming.
Det er eit tydeleg gap mellom korleis verksemdene vurderer status og kva tilsynet finn.
Arbeidet med universell utforming er organisert svært ulikt frå verksemd til verksemd.
Uu-tilsynet har sjekka navigasjon, skjema og struktur på dei 19 appane/nettstadene opp mot WCAG-standarden (Web Content Accessibility Guidelines).
Funksjonane er sentrale for å finne informasjon, bestille time og kommunisere med helsetenestene, påpeiker Rygg.
Totalt blei 3.565 enkeltelement testa. Heile 1.079 brot blei avdekka. Snittskåren var 67 av 100, og ingen greidde å innfri alt.
Overskrifter og leietekstar var omtrent feilfrie, mens sidetitlar er den største «syndaren».
Varsla to bøter
Aller best ut kjem nettsidene til Helse Førde, Helse Noreg og Bufdirs ung.no.
Nedst på lista er appane til helsetenesta Eyr og MyDignio, og nettsida til Norsk pasientskadeerstatning.
MyDignio er appen til Akershus universitetssukehus (Ahus). På lista er også Youwell og Checkware som blir brukt av Helse Bergen, ifølge Rygg.
Tilsynsdirektør Malin Rygg er ikkje overraska over at dei finn brot, sjølv om ho helst skulle sett færre brot på minimumsfeil.
– Det som skil dei gode frå dei dårlege, er kor alvorlege feila er og kor fort dei klarar å handtere feila, seier ho.
Eigarane av løysingane fekk åtte veker på seg til å rette feila tilsynet avdekka. Elleve kom i mål, mens åtte andre fekk varsel om bøter på mellom 15.000 og 50.000 kroner dagen om dei ikkje retta feil innan ti dagar.
To gjekk over tida og fekk bot:
Helsa Mi, appen til helseplattforma i Midt-Noreg: Gjekk to dagar over fristen og måtte betale 100.000 kroner totalt i bot.
Farmasiet.no: Fekk varsel om bot på 35.000 kroner per verkedag. Denne blei anka til regjeringa og er no avslutta utan bøter.
Ber Helse-Noreg skjerpe seg
Det er første gang at Uu-tilsynet har gjort ein så systematisk gjennomgang av korleis innbyggarane møter digitale helsetenester i Noreg.
Dei opplyser at det særleg er personar med funksjonsnedsettingar, låg digital kompetanse eller såkalt låg helsekompetanse, som slit i møte med løysingane. Enkelte manglar også tilgang til elektronisk ID.
No ber Uu-tilsynet helsesektoren om å skjerpe seg og sikre likeverdige helsetenester i ei digital tid.
Mellom anna meiner dei at tenestetilbydarar og leverandørar må styrke arbeidet med universell utforming: Til dømes stille universell utforming som eit krav ved kjøp av digitale løsingar.
Eit anna tiltak er å tilby reelle, ikkje-digitale alternativ, altså høve til å sende brev, ringe med telefon eller møte opp fysisk.
– Det er ein litt gamaldags tanke i utviklingsarbeidet at brukarane må få meir kompetanse. Men dei digitale systema er noko samfunnet vel å legge på folk, seier Rygg.
– Ikkje umogleg
– Er det så mange krav no til tilgjengelegheit at det er umogleg å følge alle reglane for offentlege tenester?
– Nei, det er absolutt ikkje umogleg. Ein må innstille seg meir på at universell utforming er noko som krev kompetanse på lik linje med andre fagfelt, og gjere det til ein del av måten ein jobbar med utvikling av løysingane på, seier direktøren.
Framleis ser ho at universell utforming blir testa først på slutten av eit prosjekt.
– Då er mange av vala som handlar om kor gode ein kan gjere løysingane, allereie tatt.
– Kva bør utviklarar tenke på når dei lagar digitale tenester for å sikre tilgjengelegheit?
– Frå starten må ein teste med hjelpemiddel. Ein må bygge kompetanse internt så nokon kan teste det viktigaste kjapt. Sørg for at standard kodelement som html og semantikk fungerer med tastaturet, og ha gode følgetekster.
Tenk inkludering frå start
Ho peikar på at det kan høyrast enkelt ut, men likevel kan vere lett å gløyme.
– Dersom ein utviklarar å tidleg tenke på korleis ei løysing vil vere å bruke for ein som er blind, og ikkje berre på minimumskrava, har ein gjort noko viktig for universell utforming, seier Rygg.
– Rett og slett tenke tilgjengelegheit frå start?
– Ja. Historisk har gjerne sikkerheit og inkludering stått mot kvarandre. Men rapporten viser at om ein ikkje tek omsyn til begge delar, kan sikkerheitsopplegget blit omgått av personane sjølve, fordi løysinga ikkje er inkluderande.
Ho peikar på at enkelte endar opp med å gi helse-passorda sine til slekt eller bekjente for å få hjelp til å finne fram i den digitale jungelen, noko som går utover sikkerheita til den enkelte.
Rygg har ei sterk oppmoding til utviklarar:
– Sjå koblinga mellom sikkerheit og inkludering!
Foretrekk oss i Google Discover
Ved å legge oss til som foretrukket kilde i Google vil du blant annet få opp flere av sakene våre i Google Discover. Tusen takk for støtten!