Mener utviklere må utdannes mer nå enn før
– Må lære seg både håndtverket og hvordan de jobber med KI som et verktøy, ikke en løsning, skriver Knut Eide Løkhammer, som frykter en generasjon utviklere som lover mer enn de holder.
For nokre år sidan drakk eg langt meir spansk raudvin enn eg gjer no. Ikkje åleine, verdt å merke, men saman med kjærasten og gode vener.
Me var til og med i Spania eit par gonger, og hos ein vinhandlar der kom eg over eit uttrykk som har hengt med meg i mange år.
Det var ein vin eg syntest var spennande, men som var av den typen som har kort avslutning. «Lovar meir enn han held», som ein seier. Han var verkeleg god i starten, men fall saman. Litt som Microsoft Silverlight.
Eg viste vinen til vinhandlaren, og han nikka, men med eit litt trist uttrykk. «Sin crianza», sa han.
I ei kognitiv bragd klarte eg faktisk der og då å oversette det.
Utviklarar «sin crianza»
«Sin», utan, lærer ein seg relativt raskt når ein skal bestille «agua con/sin gas». «Crianza» visste eg betyr oppdragelse eller barndom. Det er den første aldersnemninga for spansk vin, før reserva og gran reserva.
«Sin crianza» måtte difor bety «utan barndom». Det var noko trist over uttrykket. Ein vin som er gammal nok til å ha hatt ein barndom, men som aldri fekk han.
Eg spurde vinhandlaren forhåpningsfullt om vinen kom til å bli «crianza» om eitt år. Det kunne jo vere at vinen var eit godt kjøp likevel. Vinhandlaren rista på hovudet. «No, potencial.» Ikkje noko potensial. «Consumo inmediato.» Drikk med ein gong.
Med KI har me fått heilt nye premiss innanfor utviklarfaget, og uttrykket "sin crianza" har dukka opp att hos meg den siste tida.
Kan me få ein generasjon utviklarar "sin crianza"?
Lovande i starten, men utan den oppdragelsen som gir substans til å henge med i lengre og komplekse utviklingsprosjekt?
Ein må lærer seg både handverket og korleis ein arbeider med KI som eit verktøy, ikkje som ei løysing.
Både handverk og KI
Me kan frykte at få verksemder tek seg tid, eller har råd, til å la seniorar lære opp juniorar i å bruke KI klokt.
Kva skal me då råde unge utviklararspirer til?
Eg meiner utdanningane innan utvikling må gi studentane meir bagasje før dei er klare for eit liv som ekspertar i utviklarfaget.
Det betyr eit oppsving for dei som går femårige masterløp, og trongare kår for dei som tek kortare kurs og utdanningar innan utviklarfaget.
Ein må lærer seg både handverket og korleis ein arbeider med KI som eit verktøy, ikkje som ei løysing.
Endå meir komplett utdanning
Me har sett store endringar i andre utdanningar, sjølv om det har gått over lengre tid.
Ta lærarutdanninga, som før 1973 var på to år. I dag er ho ei femårig masterutdanning.
Eg vil difor håpar me kjem til å sjå utdanningsløp som skaper endå meir komplette utviklarar, som vil vere i stand til å arbeide i det komplekse fagområdet systemutvikling er.
Me må gi utviklarane ein "crianza", ein barndom, før dei blir sende ut i arbeidslivet.
Elles risikerer me ein generasjon som lovar meir enn han held.
Foretrekk oss i Google Discover
Ved å legge oss til som foretrukket kilde i Google vil du blant annet få opp flere av sakene våre i Google Discover. Tusen takk for støtten!