Slik laga dei Digitalt dødsbo: – Omfattande utviklingsarbeid

Den første versjonen består av åtte appar, fleire av Digdirs fellesløysingar og data frå 71 bankar og 12 forsikringsselskap.

Når nokon går bort, kan det vere mye for arvingane å halde styr på. No skal arveoppgjeret vere enklare.
Publisert

– Det har vore eit omfattande utviklingsarbeid å etablere tenesta Digitalt dødsbo, både i Digdir og hos aktørane som bidreg inn i tenesta, seier Janne Øren Antonsen, tenesteeigar i Digitaliseringsdirektoratet, til kode24.

Denne veka blei Digitalt dødsbo tilgjengelig i tingrettane over heile Norge. Dermed blir arveoppgjeret enklare for arvingar, då dei kan finne ut av avdødes formue og gjeld digitalt. Ordninga er frivillig. 

Fleire offentlege aktørar har samarbeidd med finansnæringa for å få den første versjonen som no er ute, i hamn. 

Aktørene som har jobbet med Digitalt Dødsbo samlet i Oslo Tingrett: Frode Danielsen, direktør i Digdir, Torgeir Micaelsen, digitaliserings- og forvaltingsminister, Otto Scharff, har brukt Digitalt dødsbo, Bjørn Holli, avdelingsdirektør i Bits/finansnæringen, Yasmin Frydenlund, seniorrådgiver i Oslo Tingrett, Ingrid Olsen, avdelingdirektør i Domstoladministrasjonen, Janne Øren Antonsen, tjenesteeier for Digitalt dødsbo i Digdir, Yngve Svendsen, sorenskriver i Oslo.

I Digdir var arbeidet tidlegare organisert som eit prosjekt, men no er det eit fast DevOps-team som arbeider kontinuerleg med å vidareutvikle tenesta, opplyser Antonsen.

– Digitalt dødsbo får informasjon frå domstolane om dødsbuet og om kven tingretten har identifisert som arvingar i buet. Opplysningar om formuen og gjelda til den døde blir ikkje samla inn i Digitalt dødsbo, men blir henta frå aktørane når arvingane er inne i tenesta, forklarar ho. 

Digitalt dødsbo

I Digitalt dødsbo kan arvingar no finne:

  • bankkonti med saldo og transaksjonshistorikk

  • livs- og pensjonsforsikringer

  • eiendom og kjøretøy

  • ektepakt og skatteopplysninger

Ved privat skifte kan erklæringa bli sendt digitalt. Det skal også bli mogleg med fleire type skifte digitalt på sikt. 

  • Alle tingrettane, over 70 bankar og 11 leverandrøar av livs- og pensjonsforsikringar er så langt kopla på den frivillige digitale tenesta.

  • Tingretten peiker ut kva arvingar som skal få innsyn i økonomien til den avdøde, og gir tilgang til Digitalt dødsbo. Då får arvingen varsel på SMS eller e-post og loggar inn i Altinn.  

  • Desse samarbeider om tenesta: Digitaliseringsdirektoratet (Digdir), tingrettane, Domstoladministrasjonen, Skatteetaten, Statens vegvesen, Landbruksdirektoratet, Kartverket, Brønnøysundregistrene, Norsk Pensjon, Bits og finansnæringa, som del av Digitalt Samarbeid Offentlig Privat (DSOP). 

Åtte appar og Azure-køyring

– Kva ligg under panseret på den digitale løysinga de har laga, Antonsen?

– Digitalt dødsbo består av åtte appar, som er ei blanding av Altinn Studio-appar og eigenutvikla støttefunksjonar. I tillegg blir ei rekkje av fellesløysingane til Digdir nytta, til dømes Designsystemet, Altinn melding og varsling, Altinn autorisasjon og Maskinporten.

Tenesta køyrer i Azure.

– Teknologistacken omfattar mellom anna JavaScript/React, .NET 10 og PostgreSQL. Vi køyrer jamlege ende-til-ende-testar med syntetiske data frå Tenor.

Antonsen tipsar utviklarar om at både produktkøen og kjeldekoden til Digitalt dødsbo ligg ope i GitHub-kontoen til Altinn.

– Her kan du sjå kva vi arbeider med. Du kan òg følgje oss på Samarbeidsportalen, seier ho. 

Bilar, eigedomar og ektepakt

Dette er informasjonen dei samlar inn frå ulike kjelder og gjer tilgjengeleg digitalt for arvingane på ein plass: 

  • Statens vegvesen: køyretøy den døde hadde i køyretøyregisteret.

  • Kartverket: tinglyste eigedommar og eigedomsrettar på den døde.

  • Landbruksdirektoratet: om eigedommen er registrert som landbrukseigedom.

  • Brønnøysundregistra: om den døde hadde ektepakt i Ektepaktsregisteret.

  • Folkeregisteret: opplysningar om den døde og arvingane. Tenesta viser ikkje skatteinformasjon, men arvingane kan gå direkte frå Digitalt dødsbo og inn i den siste skattemeldinga til den døde hos Skatteetaten.

  • Informasjon om kundeforhold i bank blir sett saman av opplysningar frå fleire kjelder: – Først slår vi opp i DSOP Oversikt over kundeforhold for å finne ut kva bankar den døde var kunde i. Dersom den døde var kunde i ein bank som er kopla på Digitalt dødsbo, slår vi opp direkte mot banken for å hente ut opplysningar om konto, saldo og transaksjonshistorikken for dei siste tre månadene, seier Antonsen. 

  • Norsk Pensjon: informasjon om kva livs- og pensjonsforsikringar den døde hadde.

Antonsen påpeiker at det er frivillig for bankar og forsikringsselskap å dele opplysningar gjennom Digitalt dødsbo.

– Førebels deler 71 bankar og 12 forsikringsselskap opplysningar, men det er venta at fleire koplar seg på framover, seier ho.

Dette var utfordrande

Det mest utfordrande med å utvikle ei teneste med bidrag frå mange aktørar, har vore det administrative, fortel Antonsen. 

– Eit døme på administrativ kompleksitet er det juridiske arbeidet som må gjerast for at Digitalt dødsbo skal kunne behandle opplysningane om formuen og gjelda til den døde.

– Det er ikkje nok at Digdir får heimel til å behandle opplysningane. Aktøren som gir frå seg opplysningane, må òg ha lov til å dele dei med Digdir, forklarar ho. 

Bjørn Holli fra Bits, Ingrid Olsen fra Domstoladmininstrasjonen og Yngve Svendsen fra Oslo Tingrett er glade for at tenesta er ute no.

Men også tekniske utfordringar har dei møtt på:

  • I Digitalt dødsbo får alle arvingar med tilgang sjå den same informasjonen. Det stiller krav til både informasjonstryggleik og personvern i tenesta. – Eit døme er korleis tilgangen til Digitalt dødsbo skal vere dersom ein av arvingane får adressebeskytting medan saka pågår, fortel Antonsen. 

  • At så mange aktørar deler informasjon i same løysing, gir òg teknisk kompleksitet knytt til ulike integrasjonsmønster, rett bruk av dataa som blir henta inn, robustheit og tryggleik.

  • Samanhengande, syntetiske testdata har òg vore ei utfordring.

Strategi om digitalisering

Tenesta er ein del av digitaliseringsstrategien til regjeringa. 

– Digitalt dødsbo viser korleis det offentlege og næringslivet kan samarbeide om å lage tenester som hjelper folk når dei treng det mest, seier digitaliserings- og forvaltningsminister Torgeir Micaelsen i ei pressemelding. 

Til våren har regjeringa også som mål å få lansert ein første versjon av ein ny KI-chat hos Helse Norge.  

Staten jobbar også med Felles tjenesteplattform for offentleg sektor så det blir lettare å lage digitale tenester. Første del kom førre veke. 

Foretrekk oss i Google Discover

Ved å legge oss til som foretrukket kilde i Google vil du blant annet få opp flere av sakene våre i Google Discover. Tusen takk for støtten!

Foretrekk oss 😻
Bygget med Labrador CMS