Anonym mellomleder: «Kan dere slutte med mekanisk knastatur!?»

- Følelsene i fingertuppene dine bør ikke være premissgivende for støynivået i landskapet, mener anonym mellomleder.

Den anonyme mellomlederen tør ikke stå fram med fullt navn, da han anser mekaniske tastaturer for å være et ekstremt kontroversielt og følsomt tema for mange norske utviklere. Også hans egne. 📸: Ole Petter Baugerød Stokke / privat
Den anonyme mellomlederen tør ikke stå fram med fullt navn, da han anser mekaniske tastaturer for å være et ekstremt kontroversielt og følsomt tema for mange norske utviklere. Også hans egne. 📸: Ole Petter Baugerød Stokke / privat Vis mer

Banning i kyrkja vil kanskje nokon sei, men nokon må sei noko:

Mekaniske tastatur er ein pest i opne kontorlandskap.

Når du først har lagt merkje til kor høg knasteljoden faktisk er, så er det vanskelig å ikkje leggje merke til den.

Det er som som om du sit i ro og slappar av på ei grøn eng, så hoppar nokon brått inn framfor deg med ein AK47, skyt 50 skot opp i lufta, ser deg djupt inn i augene, snur ryggen til og spring vekk.

«Å knaste på mekanisk knastatur så høgt ein kan, er ein slags religion, ein identitet, ein måte å leve på, virkar det som.»

Ikkje fundamentalist

“Korleis kan du sei noko slikt?”

Eg kan i alle fall ikkje sei dette utan å skjule min identitiet. Eg veit minst tre stykk på kontoret som aldri ville sett meg inn i augene att om eg ytra noko negativt om mekaniske knastatur.

Å knaste på mekanisk knastatur så høgt ein kan, er ein slags religion, ein identitet, ein måte å leve på, virkar det som. Eg drøfter dette vener som tolererar meg. Der vert eg hånande kalla “Membran-Tor":

image: Anonym mellomleder: «Kan dere slutte med mekanisk knastatur!?»

Og får tilsendt sånne slengkommentarar:

image: Anonym mellomleder: «Kan dere slutte med mekanisk knastatur!?»

Eg er ikkje fundamentalist - trur eg - eg vil berre attende til normale knasteljodar.

Kjenslene i fingertuppane

“Når du først har prøvd det, er det ingen veg attende” seier dei.

Som om ein har sett ljoset, som om ein er frelst. Ein skal snakke om cherry, brown, hattar utan hattar, liten formfaktor og mange andre trendy ting. Eg blir sint, kanskje eg er blitt ein gubbe som ikkje forstår, er eg åleine?

“Ljoddempande headset har me jo alle saman, slutt og syt".

Skulle ønske eg klarte å halde det inni meg, det har eg jo klart ei stund. Uansett kor god ljodemping ein har så hjelper det ikkje når 80 desibel med knasting er kun få decimeter vekke. Eg må ha høg technomusikk langt inne i skallen skal eg klare å overdøyve skytinga med fingrane frå alle kantar.

«Åh, kjenn her, kjenn på denne knasten. Høyr no.»

“Ja, men det er så viktig for meg å lage masse ljod når eg knastar”.

Det forstår eg, sjølvsagt skal du få lage masse ljod når du knaster for deg sjølv, men når du kastar i nærleiken av andre kan du knaste på vanleg knastatur.

“Eg klarar ikkje å progammere utan at eg kjenner veldig godt i fingertuppane mine når eg lagar ein bokstav”.

Det er sjølvsagt ein tragedie å ikkje kjenne veldig sterkt i fingertuppen når ein skal utvikle noko, men kjenslene i fingertuppane dine bør ikkje være premissgivande for støynivået i landskapet. Eg sit ikkje og klikkar på ein penn heile dagen fordi eg likar den kjensla i lanken min.

Illustrerande video:

Kan me gjere noko?

Så, kan me gjere noko med dette?

Kan folk slutte med mekanisk knastatur, gå attende til mjuke og gode Mac og Dell keyboard som er gode, men ikkje augeblødande høglytte?

Eg meiner i alle fall det er noko me burde strebe mot alle saman. At ein kan sitje på enga i kontorlandskapet utan å bli beskutt frå alle sider med den verste syndarane av alle: “Cherry MX Blue”.

Litt research til slutt må dykk tåle. DasKeyboard har forska litt på seg sjølv kan det virke som. Dei har målt Cherry MX Blue (fy faen for eit idiotisk navn) som er av typen knast “clicky” (endo meir teit) gjennomsnittleg til 64 dB og på høgste nivå til 78 dB.

Kva kan det svare til, spør du gjerne? Det er det samme som ein blender, ein hårfønar på eit lite baderom eller ei alarmklokke om morgonen. Så idiotisk høgt kan det være, og så idiotisk høgt er det rundt meg.

Den eine etter den andre skal overgå kvarandre med meir “clicky”, meir “tactile” enn den andre. “Å kjenn her, kjenn på denne knasten”. “Høyr no - knasteknasteknaste - høyrer du det?”

Ja, eg høyrer, med heile ryggraden.

Illustrerande TikTok: