Digitaliseringsminister Karianne Tung har sett seg store og ambisiøse mål: 80 prosent av offentleg sektor skal bruke kunstig intelligens (KI) innan utgangen av 2025, og Noreg skal verta verdas mest digitaliserte land.
Trass massiv kritikk står måla fast, seinast i nytt digitaliseringsrundskriv som kom 27. mai.

Tung med klare mål for digitalisering: «Skal skje på en trygg og systematisk måte»
Det er ikkje alle politikarar som vågar å vera så tydelege i måla sine – bra jobba – berre så synd retninga Tung har peika ut treng ei kraftig justering.
For kva betyr det å vera mest digitalisert? Er det talet på ikt-løysingar? Automatiseringsgrad? Implementering av KI i flest mogleg løysingar?
Ja, dette er retoriske spørsmål, og svaret mitt er sjølvsagt at dette ikkje kan vera styrande. Digitalisering handlar om noko viktigare – nemleg å laga gode digitale løysingar som møter samfunnets behov, anten me snakkar om borgarane, forvaltninga eller næringslivet.
Mest eller best?
Målet Tung bør setja seg er difor heller at Noreg skal verta verdas best digitaliserte land. Det flyttar fokuset frå kvantitet til kvalitet. Frå system til brukaroppleving. Frå teknologi for teknologiens skuld til teknologi som faktisk gir verdi for folk og samfunn.
Og det er jo dette som er føremålet med digitalisering: Å oppnå reel forbetring gjennom effektivisering, fleksibilitet, kostnadskutt, auka kvalitet, tryggleik osb.
Dette er lettare sagt enn gjort. IT-prosjekt er ikkje utan grunn kjende som notoriske risikoprosjekt. Det er komplekst, mellom anna fordi det er mange omsyn som skal balanserast. Digitaliseringsministerens fokus på kvantitet gjer det ikkje lettare å lukkast.

Det offentlige mangler regler og mål ved AI-bruk
«Så er det også mykje lettare å bli mest digitalisert enn å bli best digitalisert.»
Vidare er ein viktig, men underkommunisert, del av digitalisering å vurdera om det er digitalisering som løyser utfordringane vi står overfor. Eg er teknologioptimist, men me kan ikkje blindt la digitaliseringsiver vera styrande for korleis me skal løysa alle oppgåver og utfordringar. Då risikerer me å leggja til side betre alternativ fordi det er dei digitale løysingane som premierast.
Så er det også mykje lettare å bli mest digitalisert enn å bli best digitalisert.
Nokre steg på vegen mot å bli best er å leggja til grunn desse køyrereglane:
#1: Behovet må styra
Utgangspunktet kan ikkje vere at problem alltid skal løysast med nye digitale løysingar. Stundom er svarer noko heilt anna.
Det er difor avgjerande å gjere grundige og kritiske behovsvurderingar som ikkje er låst opp i éin type løysing.
Her er det også vesentleg å definere kven sine problem ein skal løyse. Kanskje gjer ei digital løysing forvaltningas jobb enklare, men prosessen mykje tyngre for borgarane og verksemdene som skal ta den i bruk?
#2: Brukarane er ulike
Viss me skal vera best på digitalisering må det skje på ein måte som gjer at flest mogleg kan og vil ta i bruk teknologien. Her er universell utforming, personvern og informasjonstryggleik avgjerande faktorar for å sikre tilgang og tillit.
Nokre ynskjer ikkje å vere digitale, og det er heilt greitt. Det som derimot ikkje er greitt er at det i dag er mange som ynskjer å ta i bruk digital løysingar, men som av ulike grunnar ikkje kan ta løysingane i bruk.
Dette kan vera fordi løysingane ikkje er universelt utforma, fordi dei ikkje får eID på tilstrekkeleg høgt tryggleiksnivå, ikkje har tillit til løysingane osb. Løysinga på dette er ikkje meir, men betre, digitalisering.

Nå kommer loven: – Gir norske utviklere tilgang til markedet
#3: Brukarane veit best
Det er brukarane av offentlege tenester som sjølve veit best kvar skoen trykkjer – det er trass alt dei som skal ta løysingane i bruk.
Det er difor avgjerande å setja av god tid til brukartesting.
Dette er måten me sikrar at innhaldet i tenestene møter borgarane og næringslivets behov i eit intuitivt brukargrensesnitt med eit klart og forståeleg språk. Det er den digitale løysinga som skal hjelpa brukaren, ikkje brukaren som skal læra seg den digitale løysinga - eller som det heiter på utanlandsk: Don't fix the user.
#4: Brukarreisa i fokus
Innbyggjarar og næringsliv bryr seg ikkje om kven som tradisjonelt har løyst ei oppgåve. Det avgjerande er å løysa oppgåva.
Me må difor vera viljuge til å sjå på om dagens forvaltningsstrukturar er eigna til å møta framtidas behov og forventingar.
Som eit minimum må me gje slepp på strukturell stoltheit knytt til kven som skal "eiga" kva oppgåver og prosessar.
#5: Gjenbruk er bra
Det å digitalisere ein prosess kan gje økonomisk gevinst, men det å utvikle denne løysinga saman med andre som har det same behovet gir endå større gevinst. På nokre område har nok ulike kommunar, universitet osb. ulike behov, men ofte er me ikkje så spesielle som me likar å tru.
Når behova er like handlar det å bli best på digitalisering mellom anna om å ikkje gjera den same jobben fleire gangar, men heller samarbeida og bruka oppatt løysingar andre har utvikla.
Kanskje har ein til og med kompetanse og data som utfyller kvarandre og gjer løysinga betre?
«Eg skjønar at dette ikkje er like sexy som å seia at Noreg skal bli verdast mest digitaliserte land, men til gjengjeld er det avgjerande for å lukkast.»

Vi forurenser nå like mye som fly – blir enda verre med AI
#6: Best òg på innkjøp og prosjektstyring
Det bør ikkje vera naudsynt å seia, men for å bli best på digitalising må ein òg bli best på offentlege innkjøp og prosjektstyring – anten ein skal kjøpa hyllevare eller utvikla noko nytt.
Eg skjønar at dette ikkje er like sexy som å seia at Noreg skal bli verdast mest digitaliserte land, men til gjengjeld er det avgjerande for å lukkast.
Digitaliseringsprosjekt er komplekse nok som det er, om ikkje ein i tillegg skal gå på blemmer i innkjøpet av løysingar eller eksterne konsulentar. Ein bør alltid stilla seg spørsmåla:
- Kan det vere andre har det same behovet som oss?
- Er det verkeleg føremålstenleg å kjøpa inn kompetansen ein treng, eller er det er betre å heller byggja eigen kompetanse eller låna inn ressursar frå andre verksemder som har vore gjennom noko liknande?
- Har vi rigga oss på ein måte som sikrar at leverandørane leverer det vi treng?
Lukkast me med dette er me eit stykke på veg mot å digitalisere best, og ikkje berre mest.
