Forsking: Du kan få psykiske plagar av nedbemanning
For lite informasjon og for nære kollegaer som blir nedbemanna, kan føre til at du får det verre på jobb.
Førre veke slapp DNB bomba: Dei skal kutte 400 stillingar i teknologiavdelinga før jul på grunn av koding med kunstig intelligens.
Det kan vere supert for dei som vil vidare i livet, men fortvilande for dei som har vore gjennom fleire nedbemanningar dei siste åra, påpeikta tillitsvald for Tekna i DNB, Geir Jarle Ness.
For éin ting er å miste ein jobb, ein annan ting er å vere den som blir att.
Fersk forsking viser at de som får fortsette i jobben, kan ha auka risiko for psykiske plagar.
– Prosessen med å miste kollegaer kan i seg sjølv vere belastande. I tillegg kan mange oppleve nedbemanning som ein trussel, og det kan skape uvisse om eiga framtid i jobben. Det kan igjen påverke psykisk helse, seier forskar Eirik Degerud i ei pressemelding.
Høgare risiko
Degerud er forskar ved Statens arbeidsmiljøinstitutt (Stami) og har sett på konsekvensar nedbemanning har for trivsel og psykisk helse i nettopp for dei som held fram i jobben.
Dette fann dei:
Tilsette som har vore gjennom nedbemanning har om lag 57 prosent høgare risiko for å utvikle psykiske plager, samanlikna med tilsette som ikkje har opplevd dette. Risikoen er høgast for dei som mister kollegaer i eiga avdeling.
Tilsette som opplevde dårleg informasjon, lite involvering og lite støtte under prosessen, hadde opp til fem gonger høgare risiko for psykiske plager enn dei som ikkje opplevde nedbemanning i det heile.
Nedbemanning kan også føre til positive endringar i arbeidsforholda, som nye oppgåver, moglegheiter og ansvar.
Ser ein på kva type næring folk jobbar i, er det mest arbeidsrelaterte psykiske plagar hos tilsette i omsorgsinstitusjonar, overnatting og servering og vitskapleg tenesteyting.
Innan IT og telekommunikasjon er det ein av fem som har arbeidsrelaterte psykiske plagar, så vidt over snittet. Dobbelt så mange har generelle psykiske plagar, viser statistikk Stami har henta frå Levekårsundersøkinga til Statistisk sentralbyrå.
Samtidig har meir enn ein av fire opplevd nedbemanning.
– Det kan vere andre årsaker som gjer at dei samvarierar. Men i studien har vi forsøkt å justere for andre forhold, og der finn vi ein samanheng, seier Degerud om samanhengen mellom nedbemanning og psykisk helse.
Slik kan du unngå plagar
– I tillegg til nærleik til hendinga kan måten nedbemanning blir gjennomført på og opplevd på ha stor tyding for helsa til dei tilsette. Det meiner eg er den mest konstruktive tolkinga av det tala viser, sjølv om ein aldri kan utelukke andre forklaringar, seier Degerud.
Han har følgande tips for å dempe risikoen for psykiske plagar:
– Resultata våre tyder på at verksemder kan gjere mykje for å dempe dei negative konsekvensane gjennom god leiing og god kommunikasjon, og ved å prioritere dette for dei tilsette som er nær hendinga i organisasjonen. God informasjon, reell medverknad og støtte til tilsette kan truleg redusere risikoen betydeleg, seier Degerud.
Foretrekk oss i Google Discover
Ved å legge oss til som foretrukket kilde i Google vil du blant annet få opp flere av sakene våre i Google Discover. Tusen takk for støtten!