Den vanskelege suvereniteten

– Regjeringa vil ha byte plattform-strategiar, men svarar ikke tydeleg på om årsaka er at Microsoft og AWS ikkje er til å stole på lenger, skriv Silje i nyheitsbrevet denne veka.

Silje Rognsvåg er teknologijournalist i kode24.
Publisert

nyheitsbrevet 💌

Dette blei først publisert i kode24s vekentlege, handskrivne nyheitsbrev. Bli med her, så får du også det trivelegsate nyheitsbrevet i Noreg rett i innboksen, som inkluderer meir enn du ser her, kvar fredag!

For ei veke, folkens! 

Nvidia-aksjen har gått veldig opp og så raskt ned att i (u)takt med Jensen Huangs avgang og meir eller mindre overraskande gjeninnsetting som toppsjef, med Trump som drahjelp. 

Samtidig tek norske aktørar og statsråden sjølv til orde for å distansere oss meir frå amerikanske tek-selskap. Endre Dingsør i Virke og co har denne veka promotert ni europeiske, etablerte alternativ til Microsoft og anna i hovudstaden. 

Dei får ros frå regjeringa for tiltaket. Men statssekretær Ola Pedersen (Ap) vil ikkje svare tydeleg ja på vårt spørsmål om årsaka er at Microsoft og AWS ikkje er til å stole på lenger.

Han peikar på cybersikkerheit, og Dingsør peikar på at monopolistar kan auke prisen. For det er ikkje berre KI til statsansatte som kostar millionar av kroner i skattepengar. Summen kan truleg mangedoblast om ein tek med heile økosystemet av digitale tenester, sky og andre lisensar. Og høgare skal den nok bli.

Samtidig vedgår Dingsør at det ikkje er berre, berre å skulle byte heller. Kommunar i Danmark gav opp i sommar. Men kanskje funkar det betre å flytte nokre applikasjonar om gangen, påpeikar IT-direktøren i Virke. 

Har du vore med på noko spennande flytteprosjekt eller vurderer verksemda di noko? "Kastar" dei millionar av kroner ut av landet? Tips oss gjerne på [email protected]!

Ukas beste saker fra kode24.no:

🍎 Rubberduck lokker utviklere med gratis månedskort

Det lille konsulentselskapet bruker 131.000 i året på månedskort til ansatte. – Vil redusere kø-sitting på E6. 


🐣 Typografi­ekspert hyller Norge: – Langt bedre enn andre!

Oliver Schöndorfer mener norske virksomheter er blant de flinkeste i verden til å investere i egne skrifttyper. – For vår del var kostnaden et argument, sier NRK.


🍒 Løfter fram alternativer til Microsoft: – Vet du bare om én ting, velger du den

– Poenget er ikke «Europa mot USA». Næringslivet trenger flere alternativer, sier Endre Dingsør i Virke. 


💐 Lytta hjelper utviklere med kjærlighetslivet

– Forholdene våre testes av sluttbrukeren, reviewes av vennene deres, deployes rett i produksjon og får post-mortem etter bruddet, skriver Villu Sepman. Så han lagde appen Lytta.


🥕 Startet ­barsels­gruppe for KI-interesserte: – Her får vi skrudd på hjernen

Tora Gjengset har tatt initiativ til en møteplass for foreldre som vil lære mer om KI. – Det finnes masse barselstilbud, men dette tror jeg er noe nytt. 

God helg!

Ei veke etter kollega Ole Petter nærast la ned veto mot vibbekoda hobbyprosjekt som liknar alle andres løysingar, har vi i kode24 sjølvsagt ikkje slutta heilt med å omtale vibbekoda hobbyprosjekt, altså. Men vi prøver velje ut dei mest originale og interessante. 

Elles er det snart advent og greier. Vonar du får sett eit eller anna julelys eller juletre bli tent i løpet av helga og kanskje kan kjenne på julestress/fred etter kvart. 

Og kanskje kan du handkode litt på fritida om du kjenner det klør i fingrane etter all agent-orkestreringa på jobb. Bli i alle fall for all del ikkje eit KI-søppelmenneske.

Riktig god helg! 

💃 Silje
kode24.no

Foretrekk oss i Google Discover

Ved å legge oss til som foretrukket kilde i Google vil du blant annet få opp flere av sakene våre i Google Discover. Tusen takk for støtten!

Foretrekk oss 😻
Bygget med Labrador CMS