Avviser «vibbekoding»:
– Dårleg som fagterm
Driv utviklarar med vibbekoding, KI-assistert utvikling eller kanskje bionisk systemering? kode24 undersøker kva verbet skal heite.
Som fersk kode24-journalist har underteikna denne vinteren og våren brukt omgrepet vibbekoding om programmering ved hjelp av kunstig intelligens.
Til dømes då vi skreiv om NM i KI, som famnar alle nordmenn.
Men så blei vi utfordra i vårt eige kommentarfelt:
Deretter viste det seg at mange utviklarar er mot å få slengt etter seg at dei vibbekodar. Eller vibecoding som det heiter på engelsk.
Eller kjenslekoding som nokon skreiv på nynorsk i ein e-post til kode24 her i vår.
Omgrepet har rett og slett negative assosiasjonar, ifølgje Øystein Tveito, senioringeniør og leiar for innsatsteamet for KI ved IT-avdelinga ved Universitetet i Tromsø.
Han peikar på at «vibbekoding» handlar om å følge flyten utan å henge seg opp i detaljane.
– Mens utvikling ofte handlar nettopp om detaljar: arkitektur, sikkerheit, testing, vedlikehald og ansvar. Derfor fungerar «vibbekoding» godt som kultord, men dårleg som fagterm, seier Tveito til kode24.
Christin Gorman i Kodemaker er samd.
– For meg er det «vibecoding», når ein ikkje har kompetanse til å vurdere output. Det er «vibes» som er førande, og ikkje kompetanse, seier ho.
Så kva heiter det, når ein driv med denne aktiviteten profesjonelt?
kode24 har tatt ein runde rundt i bransjen og blant ekspertar.
Først definisjonar
Først til språkekspertar.
Språkrådet tilrår i utgangspunktet ordet vibbekoding på norsk, opplyser avdelingsdirektør Daniel Gusfre Ims til kode24.
Men ved Universitetet i Bergen skil Marita Kristiansen mellom to ulike omgrep:
- Vibbekoding - når «kven som helst» gir KI overordna instruksar om å generere kode.
- KI-assistert utvikling - når utviklarar brukar KI-verktøy for å generere data/kode.
– Det er ikkje snakk om det same og det vil eg tru er årsaken til at utviklarar ikkje ønskjer å bruke «vibbekoding» i alle samanhengar, seier ho til kode24.
Kristiansen leiar Senter for norsk fagspråk ved Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske fag.
KI-støtta utvikling
Ok. KI-assistert utvikling.
Det blir brukt av fleire i bransjen, veit vi. Det blei til dømes brukt av KnowIt då kode24 nyleg skreiv om KI-hackatonet for utviklarar.
Olaf Hallan Graven, professor i datavitskap ved Universitetet i Sør-Norge, er samd.
– Mi oppfatning er at mange profesjonelle utviklarar heller vil bruke uttrykk som KI-støtta utvikling eller KI-assistert utvikling enn vibbekoding. På godt norsk ville eg derfor føretrekke KI-støtta utvikling eller KI-støtta koding, seier professoren.
Han understrekar at KI er eit godt støtteverktøy, men ikkje ei erstatning for fagleg forståing.
Agentisk utvikling
Tveito på UiT er også glad i KI-assistert utvikling, og legg til eit alternativ: KI-assistert programmering.
Gorman i Kodemaker opplever at folk flest derimot kallar det agentisk utvikling:
– Ein brukar kompetansen sin til å sette opp oppgåver som ein delegerar til agentar, og så verifiserer ein at agentane leverer som dei skal, seier ho.
Det gir jo meining. Men det er ikkje all programmering med KI som skjer gjennom agentar, heller.
Bionisk systemering
Dessutan finst enda meir nerdete forslag. Pål de Vibe i Knowit lanserte i hackaton-saka det hakket mindre tilgjengelige bionisk systemering.
Han forklara at bionisk er ei blanding av maskin og menneske, mens systemering er eit anna ord for systemutvikling.
Og kanskje betre enn kyborg-koding, som kan gi assosiasjonar til robotar.
Men han vedgår at dette er litt utilgjengeleg.
– Det spørs om det om eit år berre vil heite koding uansett, seier de Vibe i ein oppfølgingsprat med kode24.
Kva med verbet?
Enkelte vil kanskje meine at fleire av desse måtane å seie det på er hakket knotete å bruke i daglegtalen.
Og kva skal verbet vere?
– Det naturlege kan jo rett og slett vere å skrive at «dei driv med/nyttar seg av KI-assistert utvikling, meiner Hilde Johansen, terminolog for Termportalen til UiB.
– Det er jo ikkje nødvendigvis slik at alt må bli uttrykt med eit verb berre fordi det viser til ei handling, seier ho.
Tja. Det kling jo kanskje ikkje heilt optimalt i daglegtale.
«Hei, kollega, kan du nytte deg av KI-assistert utvikling for meg?»
«Denne greia har eg systemert bionisk.»
«No skal eg agentisk utvikle noko, folkens!»
KI-kode vs handkoding
Professor Graven er på saka:
– Som verb kunne ein til dømes seie å utvikle med KI-støtte eller å kode med KI-støtte. Det er kanskje ikkje like kort og elegant, men det er meir presist.
Men kanskje kan det vere så enkelt som dette, som de Vibe var inne på:
– Eg berre kodar med KI, seier Jørgen Jacobsen, utviklar i kode24 til kode24.
Eller «KI-koda» som NRK brukte i ein tittel i vår, men då om ein ikkje-utviklar sin vibbekoding. Kanskje smeltar det i hop uansett, etter kvart?
Stø AS snakka om KI-koding som motsetnad til å handkode då kode24 nyleg besøkte dei.
Samkoding – eller berre «koding»?
Det aller enklaste er kanskje å ikkje legge til noko KI-relatert i det heile.
– Dei fleste vil nok framleis berre seie at dei programmerar eller utviklar. At ein får hjelp frå KI endrar ikkje nødvendigvis på verbet, seier Tveito ved UiT.
Han peikar på at utviklaren framleis har eit ansvar for val av struktur, kvalitet og resultat. Og lanserer eit alternativ til:
– Viss ein absolutt vil ha eit anna verb er nok samkoding nærmare kva som faktisk brukast. Det kjem frå «pair programming» der meir enn ein utviklar jobbar med same kode, saman. Verbet er jo framleis «å skrive» sjølv om du får tekstforslag i Word, påpeikar teamleiaren.
Kva verb brukar du? Har du sterke meiningar om ordbruken? Skriv gjerne i kommentarfeltet under eller send oss ein e-post på [email protected]!