- Eg vil slå eit slag for kvardagsskryten!

Ukas Koder Aina Elisabeth Thunestveit i Bekk fornyer pasientreiser med .Net og C#.

Seniorkonsulent og utvikler Aina Elisabeth Thunestveit i Bekk forteller om hverdagen i Trondheim. 📸: Privat
Seniorkonsulent og utvikler Aina Elisabeth Thunestveit i Bekk forteller om hverdagen i Trondheim. 📸: Privat Vis mer

Hvordan begynte du med koding? 👶

Eg starta ikkje med koding før på vidaregåande. Matematikk har alltid vert yndlingsfaget mitt, men på vidaregåande overtalte mattelæraren min meg til å ta datafaga der.

Der bygde me PC-ar, skreiv evige for-loops til PC-ane kræsja, teikna CSS-kunst (som likna meir på ein teikning teikna av ein 4-åring), leika oss med fotografi, video og lagde veldig enkle nettsider.

Koste meg veldig mykje med faga, men eg starta likevel å studera matematikk på NTNU. Det studiet inneholdt ein god del koding i Python og litt basics i Java, men det var etter bacheloren, når eg starta på Informatikk, at eventyret verkeleg starta.

Hva jobber du med akkurat nå? 🛠️

Eg jobbar på eit prosjekt for Pasientreiser. Eg jobbar med pasientreiser for pasientar som ikkje kjem seg til eller frå behandling sjølv. Desse pasientane tar typisk samkjørte taxiar eller bussar.

Systemet eg jobbar på er eit oppgjerssystem for desse turane. Systemet tar imot turar frå taxileverandørar og kontrollerar dei ved å gå gjennom eit sett med kontrollar (til dømes riktig takst, antall kilometer, riktig hentetidspunkt) som til slutt avgjer om summen taxileverandøren vil ha betalt er riktig eller ikkje. Brukarar av systemet kan endra på terskelverdiar for å godkjenna mindre/større avvik og behandla turar manuellt. Før var dette ekstremt store mengdar papirarbeid, der ein ikkje var i nærleiken av å få kontrollert alt som kom inn. Det er det slutt på no.

Koden er satt opp med React og Redux i frontend, og C# og .Net i backend.

Her er pulten til Aina Elisabeth Thunestveit i Bekk i Trondheim. 📸: Privat
Her er pulten til Aina Elisabeth Thunestveit i Bekk i Trondheim. 📸: Privat Vis mer

Hvordan ser en typisk arbeidsdag ut for deg? ☕

Me har veldig stor frihet på prosjektet, så me styrar veldig mykje av vår eigen kvardag. Arbeidsdagen min består heilt klart av mest programmering. Ellers er det er alltid diskusjonar rundt korleis ein på best mogeleg måte kan løysa brukarens problemstillingar, og ein del leiting etter feil når det har oppstått uforutsette situasjonar.

«Så er det alltid minst eit parti lynsjakk i løpet av dagen.»

Det siste her, kan kanskje høyrast litt kjedeleg ut, og av og til så er det det, men veldig ofte finn ein mange rare scenario som ein ikkje har tenkt seg til sjølv, og det er skikkeleg gøy og lærerikt. Vidare lagar ein kode for å unngå dei uynskte scenarioa eller kanskje ein ser at ein treng ein ekstra kontroll for å kontrollera endå betre.

Me har faste møter mandag og torsdag, men har alltid kontakt med kunden på Slack (sidan kunden har kontor i ein anna by), så det har aldri vert eit problem. Så er det alltid minst eit parti lynsjakk i løpet av dagen. Det er viktig å ha med.

Lynsjakk er en del av jobbhverdagen til Aina Elisabeth Thunestveit. 📸: Privat
Lynsjakk er en del av jobbhverdagen til Aina Elisabeth Thunestveit. 📸: Privat Vis mer

Hva synes du er de mest spennende språkene, rammeverkene eller teknologiene akkurat nå? ✨

For meg treng ikkje teknologien å vere ny, for at den skal vere spennande. Eg synst eigentleg stacken eg jobbar med er veldig spennande og gøy. Det er jo heilt klart den eg brukar mest tid på.

Ellers er eg med i faggruppa "Funksjonell programmering", og der brukte me ein heil arbeidsdag på Elm, så det gjor meg veldig interessert i det språket. Så har eg ganske nyleg sjekka ut Flutter frå Google, som eg berre må nevna. Har leika litt rundt med det og så langt er det noko eg likar veldig godt.

Hva er du mest stolt av å ha laget? 🏆

For meg handlar det meir om kva eg har løyst, enn kva eg har laga. I kodesamanheng er det ingenting som gjer meg meir stolt enn å løysa eit skikkeleg stort problem for brukaren, uansett kor liten kodesnutten endar opp med å bli.

Eller når ein til dømes i pasientreiser-prosjektet finn nye ting ein kan kontrollera, som gjer at Noreg sparar millionar med skattepengar. Det er gjevande, det. Og det gjer meg veldig veldig stolt.

Hva er det vanskeligste ved å være utvikler? 🤷

Dette var eit vanskeleg spørsmål. For min eigen del må det nok vera å ikkje tenkja løysning med ein gang. Eg har veldig enkelt for å starta å tenkja på mogelege løysningar, allereie før brukaren/kunden er ferdig med å forklara problemstillinga. Det øvar eg mykje på, å bruka litt meir tid på å forstå brukaren før eg gjer meg opp mine eigne tankar.

Hva synes du norske utviklere bør bli flinkere på? 🙋

Det er vanskeleg å svara på for alle, men for min eigen del er det jo det eg nevnte på forrige spørsmål. Utanom det, har eg lyst å nevna samarbeid. Det er veldig mange som er god på det, men eg meinar at det er noko ein alltid kan bli betre på.

Så har eg lyst å slå eit slag for kvardagsskryten. Eg opplev folk som veldig god på å skryta når ein har gjort noko stort, eller noko veldig lite, men som opplevdes veldig stort for den eine personen. Men eg trur me alle kan bli betre på å skryta litt av dei små tinga i kvardagen.

Hva liker du å gjøre når du ikke jobber? 🕹️

Eg er veldig glad i dataspel og der er eg ein skikkeleg achievementshunter. Eg har altfor mange timar spelt i altfor mange spel, kun fordi eg prøvde å ta ein spesifikk achievement.

Utanom det, er strikking ein veldig stor hobby. Eg strikkar absolutt mest til sonen min, ein del på bestilling og nesten ingenting til meg sjølv. Eg har veldig mange gangar leikt med tanken på å programmera ein strikkerelatert applikasjon. Eg manglar eit godt verktøy for å holda oversikt over prosjekta mine, tidsbruk og liknande. Kanskje den til og med sku inneholdt ei salgsside? Med ein liten gut heima, har eg ikkje heilt funne tida til å starta skikkeleg på det endå, men forhåpentlegvis er det noko eg får prioritert snart.

Ellers er noko av det eg likar aller best, å tilbringa tid ilag med sonen min, gjerne ute. Det er heilt fantastisk å fylgja utviklinga hans.