Forsvarer selskapene på konsulent­karma.no: «Ikke vondt ment»

Skyhøye krav til kvalitet og få oppdrag har mye av skylda for problemene til studentene, mener Tor Gjøsæter. Og ber dem være åpne for andre enn konsulenthusene.

"Eg trur i alle fall ikkje det er vondt meint frå dei med brune sko, uryddig ja, men ikkje vondt meint" skriver Tor Gjøsæter, her fra sin "side gig" som viksler i humanistiske bryllup. 📸: Privat
"Eg trur i alle fall ikkje det er vondt meint frå dei med brune sko, uryddig ja, men ikkje vondt meint" skriver Tor Gjøsæter, her fra sin "side gig" som viksler i humanistiske bryllup. 📸: Privat Vis mer

Klagesangen til studentane som ikkje får seg jobb kan høyrast godt på heile internettet. Verre enn mekanisk knastatur, si.

Me kan lese om ein heil del skuffa, vonbrotne og misnøgde studentar som er blitt lova det eine og hist, der no konsulentselskapa rett og slett gir opp.

Problemet er eigentleg at sjølv om ein har ein bachelor eller mastergrad i eit eller anna IT-relatert, så krever kunden at ein leverer verdi frå første sekund.

Om ein då skal gjete ein student i tillegg til gjere sin eigen jobb, så går det fort i stå og verdien kan bli litt lav, jamfør timepris til ein konsulent med skikkelig langt skjegg, ingen hår eller veldig langt hår.

Ikkje svart magi lenger

Krav til kvalitet innan IT er skyhøg. Eg var heldig som kunne trykke på ein EDB-maskin før GDPR, internettets ville vesten, me skaut ofte frå hofta.

Gode tider var det, der ein var ein ressurs om ein kunne gjere enkle ting som å “lage nettsider”, “FTP”, “IRC”, “dhcp” blei betrakta som svart magi.

Database? Jøss. DNS oppsett? Herrejesus, det var ikkje for kvensomhelst, nei. App på AppStore? Går det an? Ring Bømlo Nytt!

Dei tidene er over, me driv ikkje med svart magi lenger, bransjen er mogen, bestillarane (nokon i alle fall) forstår kva me held på med i stor grad og har høg IT-kompetanse sjølv.

«Det som er heilt sikkert, er at studentane ikkje seglar rett inn i brune sko og slips med 100% faktueringsgrad.»

"Studentar har det altfor godt!"

No skal det seiast at eg aldri har jobba som konsulent andre stader enn i mine eigne selskap, så eg kan ikkje snakke for andre enn halvstore konsulentverksemder.

Men noko bør jo seiast, og det er at studentar har det altfor godt og at dei kan alt for lite.

Nei, det vert feil. Problemet er høg rente, og det saman med dårlige utakknemlige studentar så er det umogleg å tilsetje nye folk.

Det er heller ikkje rett, det som er greia er at kunden ikkje skjønar investering i digitalisering gir stor verdi på kort, medium, lang og mellomlangt sikt.

Vent litt, det er AI sin feil, no går alle senior utviklarar meir eller mindre på kokain, så no kan me gi sparken til dei som ikkje betaler 200 kr i mnd for ChatGPT 4.0 i all hemmelighet.

Sannheten er vel meir nøyansert. Litt korona-korreksjon, litt rentesmerte, litt Vedum-idioti, litt for optimistiske CFO-ar hist og pist.

Det som er heilt sikkert, er at studentane ikkje seglar rett inn i brune sko og slips med 100% faktueringsgrad.

Ein eller anna faktureringsgrad

Eg kan nokså vonbroten sei at eg har to skøyarar som går ut med fagbrev frå oss no, men me kan ikkje tilby dei jobb. Kunden har skyhøge forventingar til leveranse av verdi og betalingsviljen for juniorkompetanse er ikkje her nett no for mange av oss.

Eg trur ikkje nokon av <li>-elementa på konsulentkarma.no hadde ein plan om å rote til liva til ein bråte med studentar.

Tanken trur eg heller var å få dei inn i ein eller anna faktureringsgrad i eit eller anna gigaprosjekt, og få inn greit med pengar samstundes som kompetansen vaks og dei lista seg mot ein senior faktureringsrate. No er ikkje nok slike prosjekt der ute, rett og slett. Nokon ja, men ikkje mange nok.

Ikkje særs ryddig, slik det er blitt gjort heller, av <li>-ane. Men det eg kan sei derimot, kjære studentar, er at eg såg svart på det i fjor haust, beksvart. Men no trur eg me kan lukte ljos i tunnelen.

Når me ser attende på fjorårets 1.000 års jubileum på Moster (sommaren 2025) vil det stå brune sko klar til dykk mange stader. Då er dykk jo allereie senior utviklarar (i nokon selskap i alle fall), med eit års erfaring i bagasjen og kan setjes rett i fakturerbart arbeid!

«Det er mange dødsrå produktselskap og stilige selskap med ganske framoverlent intern-IT som no gir gass og tilsetjer.»

Krevje praksisplassar?

På vegen der kan eg berre tipse dykk om å sikte på andre stader enn nødvendigvis dei små, mellomstore og store konsulenthusa.

Det er mange dødsrå produktselskap og stilige selskap med ganske framoverlent intern-IT som no gir gass og tilsetjer. Kanskje du må gå med joggesko eller vernesko eit par år, det hadde ikkje eg vondt av sjølv.

Samstundes tykkjer eg det er gøy med konsulentkarma.no, meist fordi eg/me ikkje er på den lista. Sender ein 🫡 og 👞 til dei som rota seg bort på den lista, dårlig karma ja, vondt i magen har dei heilt sikkert også. Me konsulentar er menneskje også, nokon av oss.

Eg trur i alle fall ikkje det er vondt meint frå dei med brune sko, uryddig ja, men ikkje vondt meint.

Noko meir konkret me kunne jobba saman mot var kanskje å fått offentlege anbod til å krevje at tilbydarar hadde praksisplassar for nyutdanna, eller hadde lærlingar innan IT-utviklarfaget?

Så hadde ikkje dei konsulentane med skarpast albogar og brunast sko drege av stad med lukrative offentlege oppdrag, men dei som tok inn lærlingar og nyutdanna og kjente på eit samfunnsansvar.

PS: Heiter det internshipet eller praksisplassen? Spør for ein ven.

PPS: Blir eg kansellert no? Spør for ein kollega.