Du også nysgjerrig på Svelte? Her er filosofien bak

ForrigeUke: Svelte-tankene, beste praksis i React, asynkrone løkker i JavaScript og TypeScript-tips.

Dette var veka der det meste dreide seg om USA, eller meir konkret om Bernie Sanders 🧤. The Simpsons demonstrerte sin evne til profeti 💁🏽, og Family Guy viste at han også kan 🥤.

Og ein del ting skjedde i frontend-verda også!

Filosofien bak Svelte

Kristofer sa at han var overraska over kor populært Svelte har blitt, og eg er sikkert ikkje den einaste som tenkjer at det er på tide å kike litt på det.

For å gje oss ein smakebit har Matt Stobs skrive litt om filosofien bak Svelte. Det dreier seg mykje om å skape ei god oppleving for både nye og erfarne utviklarar (DX).

Eg synest ikkje kodeeksempelet der han samanliknar med React er heilt rettferdig. Svelte brukar to-vegs dataflyt. Om vi hadde funne ein tilsvarande filosofi bak React ville nok ein-vegs dataflyt ha stått sentralt.

Begge har sine styrker. Men det er jo spennande at ulike rammeverk gjer ting på ulike måtar, det kan bli flotte religiøse diskusjonar av slikt! 🍿

Tao of React

Det er kanskje ikkje akkurat filosofien bak React, men Alex Kondov har skrive ned ei omfattande liste med prinsipp og beste praksis ved utvikling i React.

Dette er sjølvsagt til dels subjektivt, men i alle tilfelle skulle det vere mykje å lære for dei fleste.

Asynkrone løkker i JavaScript

Å blande høgare ordens-funksjonar som forEach(), reduce() og map() med async eller promises er visstnok ikkje ein god ide. Dei forventar synkrone funksjonar, og ventar rett og slett ikkje på promises.

Federico Kereki har skrive ein artikkelserie i fire delar om problemet, og implementert asynkrone alternativ.

Det er ikkje sikkert eg kjem til å bruke desse asynkrone variantane, men det var interessant å sjå korleis han har løyst problemet, og til det formålet er eigentleg del 1 i artikkelserien tilstrekkeleg.

Lågkarbo TypeScript

Det er lett å gå i fella og typeannotere meir enn nødvendig i TypeScript. Det er fint å kunne lene seg på type inference så langt det går.

Ei anna felle er at det fort kan bli litt duplisering, for eksempel av attributtar som både skal inngå i initialisering av objekt samt i ein eller fleire typedefinisjonar. TypeScript har hjelpemiddel for sånt også.

Stefan Baumgartner viser oss både dette og meir avanserte ninjatriks for å unngå trøbbel fordi du missa ein plass å oppdatere typeinformasjon når du skulle legge inn ei kodeutviding. 😲

Ikkje nok med det, om du vil ha endå fleire smarte TypeScript-tips, så har Daniel Bartholomae laga ei liste med 10 dårlege vanar å legge bort. Og då er det ikkje snakk om trivielle uvanar som å bruke any for å få kompilatoren til å slutte å mase, men heller sånt som å bruke any i situasjonar der den riktige typen å bruke er unknown.

Her var det ein del ting som i alle fall ikkje eg hadde stålkontroll på. 🤔

Det var det for denne gong. Takk for meg! 👋