Ler av navna på interne systemer: «Pinergy, trinity - det ruller på tunga»

“Har navnet til interne systemer innvirkning på systemets suksess i organisasjonen?" undrer Tor Gjøsæter.

"Dei vert døypt i ei kjelde med forkortingar, ordspel, norskengelskification og innuendo" skriver Tor Gjøsæter. 📸: Privat
"Dei vert døypt i ei kjelde med forkortingar, ordspel, norskengelskification og innuendo" skriver Tor Gjøsæter. 📸: Privat Vis mer

Internutvikla EDH (eletronisk datahandsaming)-bransjesystem for interne prosessar og forretningslogikk er kunst.

Kunst om ein tenkjer at systema skal fremje kjensler som frykt, latter, ærefrykt og sorg.

Å kaste eit halvfilosofisk blikk på alle artefaktane som vert videreutvikla, halt ved like og ikkje minst drøymd opp i hjernestormingsesjonar er inspirerande. Tilfeldigheitane, kontrastane, klangen og meininga rundt desse systema er det få som forstår, kanskje ein stakeholder, ein stakkars brukar rett ut frå NHH eller ein skjeggete produkteigar veit kvifor det er som det er.

Men det få veit og færre forstår, er dei nydelege navna desse systema får.

Trinity, Pinergy

Ofte det første dei får, også. Dei vert døypt i ei kjelde med forkortingar, ordspel, norskengelskification og innuendo. Dei to nama du les nedanfor ramla eg over i eit stakeholdermøte, kva no enn det er, her om dagen, eg måtte smila når eg høyrde det:

Pinergy eit system som erstattar Trinity, Pinergy er satt i produksjon, litt før tida då dødskrampane til Trintiy ikkje let seg stogge så lett.

Namna er ikkje tilfeldig? “Jo”, er svaret. Pinergy er oppfølgaren til Trinity.

“Kvifor Pinergy?” spør eg, “Noko med pi og mattematikk, geometri” svarar “Global Head of Local Systems Development”, som er ein tittel og eit ekte menneske. Øyrene mine kan fryda seg medan eg høyrer setningar som inneheld begge navna kviskre ut av AirPodsane.

Pinergy er ansvarleg for å måke gjennom nokre tusen millionar kroner med TV-annonser, noko magi med algoritmar sjølvsagt og placement, ingen som veit heilt. Pinergy er eit godt navn tenkjer eg, minner meg om pins frå 94-OL og noko med Redbull, bra navn.

it's because of the way our backend worksVis mer Vis mer
«Det alle er enige om i møtet er at det er skikkelig, skikkelig bra navn på desse systema.»

Bra navn, bra system

Pinergy virkar nesten, det er difor me har møte.

“Kvifor Trinity?” spør eg. Det kunne ikkje GHoLSD-bassen ikkje svare på. “Ingen som veit, er gammalt, kun ein i Norden som veit korleis det funkar”. Han er på ein sjuk SLA som er omtrent “Svarer på epost innan 24t for 100k i mnd”. Fin deal, tenkjer eg.

“Kva gjer systemet?”, “Det samme, berre i ein browser og ikkje via ei .exe-fil og ei røys .bat-filer, berre det virkar faktisk.” Me skal erstatte systemet som ikkje virkar med systemet som virkar, og så fikse litt på Pinergy, eg gler meg.

“Jøss”, tenkjer eg. Bra system med bra navn. Ein treeinigheit då kanskje? MVC moglegvis? Nydeleg samspel med data, visning og forretningslogikk. Ingen som veit, kjeldekoden og issuetrackeren er “ei .exe-fil” det også, går ikkje ann å kjøre, ein .dll manglar. Mystisk, men fint navn.

Tenk at Pinergy + Trinity gjer det mogleg for oss å sjå reklame på “71 Grader Nord”, eg vert rørt. Pinergy, trinity, pinergy, trinity - det rullar på tunga.

Det alle er enige om i møtet er at det er skikkelig, skikkelig bra navn på desse systema. Eg og er enig, bra navn, bra system og eg kjenner ærefrykt inni meg. “Tenk at Pinergy gjer alt dette, wow”.

Pretensiøst drittnavn

Me skal vera takksame for slike system, deira navn og påverknad dei har på oss. Eg har sjølv prøvd meg som døypar av systemnavn, det er ei krevjande oppgåve.

Eg undrar på om nokre initiativ fell gjennom på grunn av dårlige navn, ikkje vedteken av ein komite, eller eigd på ekte av ein blåruss “som kom på det sjølv liksom” på generell basis?

Ferretstein døde i barsel (RIP), vart nesten ikkje døypt, kun eg som veit navnet. Skulle spela på dyr og smarting, ferret og Einstein liksom, veldig dårlig, eg kjenner sorg.

Coronet var eit pretensiøst drittnavn, for noko som døde rett etter barsel. Cerebrum veit eg ikkje kva er, men er no inni der, også daud, eg vert flau.

image: Ler av navna på interne systemer: «Pinergy, trinity - det ruller på tunga»

System som får riktig navn til rett tid vinner.

Beam var eit så bra navn at det no livnærar eit halvt kontinent med reklamefolk. Du veit ikkje at det finst ein gong, men det meir eller mindre styrer kva du tenkjer. Berre sjå for deg kva Beam gjer. Ja, den pew-pew-er ting over alt, eit gRPCs draumesystem. Alt kjem frå alle kantar, og ein kan sitje med finger-guns i møte og sei “pew-pew”.

Genialt. Eg vert imponert.

Eit anna kongenavn er Cockpit, for dei mindre mogne blant oss kan alltid fnise litt når ein lager ein issue ala “Move cockpit to Azure2".

image: Ler av navna på interne systemer: «Pinergy, trinity - det ruller på tunga»

Systemet er rått, superhightech både på back-end og front-end - høhø. Kvifor er eg sånn? Antageleg skadd av memes. Systemet er no omdøypt til noko som faktisk gjev meining. Trist, men riktig.

Bra, dårlege, sjuke, sinnsjuke

Kva vert då hypotesen, og er den falsifiserbar?

“Har navnet til interne system innverknad på systemets suksess i organisasjonen?"

Kan me objektivt måle dette? Her trengs forsking og pilotprosjekt.

Me treng fleire gode historiar om bra, dårlege, sjuke og sinnsjuke systemnavn. La kommentarfeltet brenne, så får eg meg eit smil på ein mandag.

Kor mange cockpitar er det der ute?