Advarer mot å ignorere kvante-datamaskiner: - Norge må legge en plan

- Kvanteteknologi har påvirka oss, og den vil fortsette å påvirke oss, på godt og vondt, skriver fysikkprofessor Sølve Selstø.

Fysikkprofessor ved OsloMet Sølve Selstø til venstre, sammen med rektor Christen Krogh, forsknings- og høyere utdanningsminister Sandra Borch, leder Henriette Bøe i Studentparlamentet og ikke minst - en kvantedatamaskin. 📸: OsloMet
Fysikkprofessor ved OsloMet Sølve Selstø til venstre, sammen med rektor Christen Krogh, forsknings- og høyere utdanningsminister Sandra Borch, leder Henriette Bøe i Studentparlamentet og ikke minst - en kvantedatamaskin. 📸: OsloMet Vis mer

Kvanterekning, quantum computing, blir av mange spådd å revolusjonere måten ein gjer tunge berekningar på.

Mest for spesielt interesserte? Ikkje berre. Berekningar påverkar oss alle.

Vêret, noko av det mest universelle vi har å prate om, blir – time for time – spådd ved at dyktige fagfolk og store datamaskinar jobbar kontinuerleg. Det same kan vi seie om klimamodellering – vêrmelding med lengre perspektiv.

Det ligg utrekningar til grunn for dimensjonering og drift av bygningar, vegløysingar og annan infrastruktur. Innan prosess-, farmasøytisk og kjemisk industri er berekningar og simuleringar uunnverlege.

Og vi jo høyrt korleis maskinlæring og KI er i ferd med å forandre verda.

Så ei datamaskin som kan gjere slikt mykje raskare, eller til og med klare ting vanlege datamaskinar ikkje klarer, vil vere ettertrakta.

«Desse problema er tydelegvis viktige nok til at milliardar av dollar, euro og yuan blir investert.»

Milliardar av dollar

Det er ikkje vanskeleg å forstå at store internasjonale selskap, Google og IBM til dømes, brukar store summar på å bygge kvantedatamaskina.

Og regjeringar i USA, Canada, EU og Kina følger opp. Vi ser liknande initiativ i nabolanda våre.

Norske fagmiljø og interessentar etterlyser ein norsk plan på området. Noreg blir skulda for å snuble i startblokka i dette kappløpet. I DN 27. juli gjekk Geir Arild Engh-Hellesvik i Norsk sikkerhetsmyndighet, ut og åtvara om «kvanteapokalypsen».

Kvantedatamaskiner er i stand til å «tenkje fleire tankar samtidig» på ein måte som gir meining i kvanteverda. Dei gjer ikkje utrekningar raskare, men dei kan handtere informasjon på ein annleis, meir generell måte. Dei vil kunne løyse visse problem på ein meir effektiv måte.

Desse problema er tydelegvis viktige nok til at milliardar av dollar, euro og yuan blir investert.

Kvanteapokalypsen

Engh-Hellesvik viser til faren med at kvantedatamaskiner vil kunne knekke kryptering som blir brukt no.

Dei som har sett The Imitation Game, veit at bidraget Alan Turing gjorde då dei klarte å knekke tyske kodar under krigen neppe kan overvurderast. Kryptering er nok ikkje mindre viktig i dag.

Samtidig, for å halde oss til filmverda: Filmen Oppenheimer viser oss at resonnement av typen «vi må skaffe oss dette før fienden får det» ikkje er uproblematisk. Når truslar og fiendebilde blir ein del av motivasjonen, kan vi ende opp med å gi andre den behandlinga vi prøver å unngå sjølv.

Vi skal nok vare glade for at vi, som Engh-Hellesvik peiker på, har kompetanse på kvante-sikker kryptering. Men det er ikkje særleg motiverande å bruke massevis av tid, krefter og pengar for å sikre data mot angrep vi ikkje veit når vil komme – for så, etter ein overgangsfase, vere tilbake det vi var.

«Kodeknekking med kvantedatamaskinar er ikkje den einaste utfordringa kvanteteknologien har gitt oss.»

Nye løysingar

Heldigvis vil vi med kvanterekning også finne nye løysingar. Og kvanteteknologi er meir en kvanterekning.

Den gir også på nye måtar å sikre kommunikasjon på.

Kvantefenomen kan brukast til å gjere ekstremt presise målingar.

Kvantefysikk legg grunnlaget for materialteknologi, farmasi og kjemisk industri; ved å bruke datamaskinar som sjølve oppfører seg kvantefysisk, håpar vi på nye gjennombrott innan desse industriane.

Kanskje gjennombrott som også bidrar til å spare energi.

Framtid, fortid, notid

Mykje tyder på at framtida vår vil vere påverka av kvanteteknologi. Men det er fortida og notida vår også.

Det er kvanteteknologi – halvleiarar og transistorar – som gjorde det mogeleg å masseprodusere «tradisjonelle» datamaskinar. Innan medisinsk diagnostikk har kvantefysikken gitt oss mellom anna MR-teknikken.

Då den første laseren blei presentert i 1960, blei han kalla «ei løysing på jakt etter eit problem». Han har funne mange problem å løyse sidan dess.

På den andre sida: Kodeknekking med kvantedatamaskinar er ikkje den einaste utfordringa kvanteteknologien har gitt oss. I tillegg til Oppenheimer’s deadly toy kan vi ikkje nekte for at teknologien har ting å svare for når deg gjeld fredeleg, stor-skala energiproduksjon. Samtidig må fossile energikjelder erstattast. Og vi ser lovande tendensar innan fusjon.

Samtidig må fossile energikjelder erstattast. Og vi ser lovande tendensar innan fusjon.

Noreg må legge ein plan

Kvanteteknologi har påverka oss, og den vil fortsette påverke oss. Kanskje meir enn før, på godt og vondt.

For at ikkje kommersielle interesser skal legge alle premissa aleine, er det nødvendig at vi alle veit at dette skjer. Noreg må legge ein plan – lage ein kvantestrategi.

Denne strategien må legge til rette for at vi alle får eit kvantum av innsikt.

Vi har ikkje råd til å la dette berre vere for spesielt interesserte.