- Senior­utviklere glemmer at de har vært juniorer

- Ta deg tid til å forklare ting skikkelig, råder Ukas Koder og Bitit-sjef Arne Hjelle Bitubekk.

- Eg er også friluftsinteressert, og ved hausten går og mykje av tiden med på jakt. Då helst villreinjakt på Hardangervidda, forteller Arne Hjelle Bitubekk. 📸: Privat
- Eg er også friluftsinteressert, og ved hausten går og mykje av tiden med på jakt. Då helst villreinjakt på Hardangervidda, forteller Arne Hjelle Bitubekk. 📸: Privat Vis mer

Hvordan begynte du med koding? 👶

Første gong eg var borti programmering var i starten av 2000-talet da eg var rundt ein 15-16 år.

Det var enkelt Actionscript i Flash og modifisering av Javascript-snuttar ein lasta ned. Dette var for å få enda fleire effektar på heimesida, for animerte GIF-snuttar, layout basera på frames og neongrøn tekst på svart bakgrunn ikkje var nok.

Eg spela også spelet Neverwinter Nights på den tida, og spelet hadde ein eigen kart-editor som hadde eit C-lignande scriptspråk. Eg forstod ikkje så mykje av programmering på den tida, men eg fant kodesnuttar som andre ha laga og prøve med fram med å endre litt her og der for å få det resultatet eg ynskja i kartet eg laga.

Det er vel mykje det sama ein gjer no, med å finne kodeeksempel på Stackoverflow og liknande, for så å editere til å få det resultatet ein ynskjer. Forskjellen er at no gjer ein det for å spare tid, og ikkje for at ein ikkje kan laga sama koden sjølv.

I tidleg alder så bestemte eg meg for at eg skulle laga dataspel når eg blei stor. Når eg skulle velje vidare utdanning etter vidaregåande så gjekk valet på programmering. Der gjekk interessa meir over på programmering som eit fag, og ikkje så mykje på om det var til dataspel eller applikasjonar. Skulelei så kom eg meg igjennom bachelorutdanning, og eg var klar for arbeidslivet.

- I 2018 så oppretta eg mitt eiget konsulentselskap, Bitit AS, der eg har ein tilsett i tillegg til meg sjølv, forklarer Arne Hjelle Bitubekk. 📸: Privat
- I 2018 så oppretta eg mitt eiget konsulentselskap, Bitit AS, der eg har ein tilsett i tillegg til meg sjølv, forklarer Arne Hjelle Bitubekk. 📸: Privat Vis mer

Hva jobber du med akkurat nå? 🛠️

I 2018 så oppretta eg mitt eiget konsulentselskap, Bitit AS, der eg har ein tilsett i tillegg til meg sjølv. Eg er i oppdrag hjå Norsk Helsenett og eg arbeider med helseportalen Helsenorge.no, ein side fleir og fleir får eit større forhald til no.

Me er i ein spennande fase der me har modernisert løysingen. No jobbar me med å dele kodebase opp i tenester basert på funksjonsområde i ein tenesteorientert arkitektur. Me har og gjennomført hyppigare leveransar og i støre grad bruk av testautomatisering og continous integration.

Det er mange behov og krav frå integrasjonsparter som legekontor, sjukehus, kommune, primærhelsetjenesten, samt innbyggar, universell utforming, sikkerheit, personvern og liknande.

Det gjer det både krevjande og komplekse system, men ein blir desto meir tilfreds og fornøgd når ein lagar gode løysingar, særleg når det blir eksponert og kjent som Helsenorge.no har blitt dei siste åra.

Av teknologi så blir C# bruka med .NET og .NET Core i backend, og på frontend så brukar ein React med Typescript.

- Den typiske dagen blir starta med frukost og kaffi. Då er eg allereie halvvegs framme til arbeid, forteller Arne Hjelle Bitubekk. 📸: Privat
- Den typiske dagen blir starta med frukost og kaffi. Då er eg allereie halvvegs framme til arbeid, forteller Arne Hjelle Bitubekk. 📸: Privat Vis mer

Hvordan ser en typisk arbeidsdag ut for deg? ☕

Den typiske dagen blir starta med frukost og kaffi. Då er eg allereie halvvegs framme til arbeid, sida kjøkkenet er cirka halvvegs mellom soverommet og kontorplassen.

Når eg skrur på PC-en så fortsett eg der eg slapp frå førige dagen.

Dagleg standup gjeng me gjennom Slack der me ringer inn. Me kjørar standup rett før lunsj, sida ein då uansett får eit naturleg avbrekk.

Det blir ikkje så mykje møte, det er mest planning, retrospektiv og vekentleg statusmøte ut over standup.

Hva har du lyst til å lære mer om framover? 📚

Eg har ikkje fått tid til å sett på container-teknologi endå, og dette er noko eg ynskjer å lære meg.

Hvilke konkrete verktøy klarer du deg ikke uten? 😻

Det er vel eit elsk/hat-forhald til Visual Studio 2019, der eg brukar mykje av featuren den har, samstundes irriterer det meg og kor «bloated» den er med ekstra features ein ikkje brukar.

Saman med Resharper, for å vera sikker på at ein får nok features ein ikkje treng.

Eg er og tilhengar av Slack, det er ein fin og uformell måte å kunne kommunisere og stille spørsmål til kollegar. Dessverre, etter min meining, så har det ein tendens til å bli formalisert i større bedrifter, når ein ser at det blir populær - og populariteten skuldas mykje utformaliteten.

Hva er det verste du kan bli spurt om på jobben? 🔥

Å produsere god kode er som eit godt handverk: Koden ser bra ut, er lett å lese og forstå.

Som ein god handverkar så ynskjer ein å lever frå seg eit godt produkt, og det verste eg veit er når eg blir spurt om å gjera kjappe løysingar. Det gjeng som regel ut over kodekvaliteten, og vil skape meirarbeid seinare.

«Ver kritisk når du skal bruke patterns og abstraksjonar.»

Hva synes du norske utviklere bør bli flinkere på? 🙋

Det er for mange individualistar som "over engineer"-er koden sin med diverse patterns og abstraksjonar som sikkert gir meining for den som har laga det der og da, men ikkje nødvendigvis for andre.

Ver kritisk når du skal bruke patterns og abstraksjonar, og spør deg spørsmåla: Kva er behovet, løyser det det, er det lett forståeleg, eller kan det bli gjort enklare?

Eg ser også alt for ofte at seniorutviklerar gløymer at dei sjølv ein gong også var juniorar. Når du blir spurt om noko, så ta deg tid til å forklare det så personen forstår det, i staden for å gje eit kort svar på løysinga på det eine problemet.

- Eg har starta med elvepadling i kajakk dei siste åra, som eg vil anbefale andre å prøve, forteller Arne Hjelle Bitubekk. 📸: Privat
- Eg har starta med elvepadling i kajakk dei siste åra, som eg vil anbefale andre å prøve, forteller Arne Hjelle Bitubekk. 📸: Privat Vis mer

Hva liker du å gjøre når du ikke jobber? 🕹️

Ein har nok blitt mindre interessert i å programmere på fritida, men eg likar å høyre på podcasts om programmering for å halde meg oppdatert på det som skjer.

Eg har starta med elvepadling i kajakk dei siste åra, som eg vil anbefale andre å prøve. Det har ein jamn stigande læringskurve og ein følar enorm meistringsfølelse og adrenalin.

Eg er også friluftsinteressert og ved hausten går og mykje av tiden med på jakt. Då helst villreinjakt på Hardangervidda.