Hvordan begynte du med koding? 👶
Eg har alltid vore interessert i data. Hadde eit valfag på ungdomskulen der me oppgraderte litt hardware på stasjonære PC, og synst det var gøy.
Koding starta eg nok seint med. Begynte med Matlab på NTNU, som eg ikkje blei noko god venn med, før me begynte med Java, som eg likte mykje betre.
Hva jobber du med akkurat nå? 🛠️
ID-porten og Kontakt- og reservasjonsregisteret hos Difi.
Går fortsatt i Java, mykje Spring Boot, Puppet, Docker, Elasticsearch, Jenkins pipeline-as-code, oAuth2/OIDC med meir.
Det fine med å jobbe i Difi er at ein har stor innverknad på arbeidsoppgåver og teknologival om ein ynskjer det. Overlet stortsett byråkratiet til andre.
Hvordan ser en typisk arbeidsdag ut for deg? ☕
Miks av koding, ulike møter, oppfølging av oppgåver og andre utviklarar, arkitektur. Alltid standup før lunsj.
Køyrer for tida ganske tradisjonell scrum med planlegging og demo, der eg er scrum master for eit av to utviklingsteam.
Tett kontakt med driftsleverandør, og jobbar for meir kontinuerlege leveransar for å få ein meir effektiv kvardag.
Vegard fant ro, kos, kjærlighet i Java
Ukas Koder Vegard Aasen koder sporing hos Posten.
Hva synes du er de mest spennende språkene, rammeverkene eller teknologiene akkurat nå? ✨
Kunne tenkt meg å lære meg Kotlin.
Elles synst eg Elasticsearch er spennande, både for datalagring og loggsentralisering, og gir store mogelegheiter for feilsøking og å kunne smartare finne mønster i data, kanskje spesielt saman med Kibana.
Sjølvsagt så må eg nemne Maskinporten og OIDC der det skjer veldig mykje spennande, og stor utvikling i Difi. Akkurat no med fokus på sjølbetjening i mykje større grad enn gamle ID-porten over SAML, som forhåpentlegvis gir ein betre kvardag for dei som skal integrere mot ID-porten og Difi sjøl.
Kjekt å jobbe med open standarder innanfor oAuth2/OIDC og API for datadeling, i motsetnad til tyngre enterprise-produkt.
Hva er du mest stolt av å ha laget? 🏆
Jobba i eit prosjekt for Norges Forskningsråd der me skreiv om frå å køyre på Bea/Oracle Weblogic Integration Server, som var tung og vanskeleg å jobbe med, til å bruke Spring Batch og generelt utnytte Spring rammeverket med meir eigenskriven kode.
Det er eit system for behandling av søknadar om forskningsmidlar og rapportering på tildelte prosjekt. Det høyres kanskje kjedeleg ut, men det det var ein ganske anna kvardag å ha kontrol på koden og få eit mykje meir vedlikeholdbart system med mykje betre testdekning.
På Forskningsrådet jobba eg som konsulent frå Inmeta, som hadde jobba med løysinga i fleire år, men i dette prosjektet kom det inn eit til konsulentselskap. Saman fekk me til god deling av domenekunnskap og teknisk kunnskap, gjennom ganske strict bruk av parprogrammering. Det var tungt i starten, men veldig lærerikt, og produktet blei bra. Både utviklarane og produkteigarar blei godt fornøydde med resultatet.
Hva er det vanskeligste ved å være utvikler? 🤷
Å få nok tid til å fordjupe seg djupt nok i teknologier og nye oppgåver.
– Som en god indisk gutt, valgte jeg IT
Selverklært Java-nerd forteller om reisen fra India til Norge – via Texas.
Hva synes du norske utviklere bør bli flinkere på? 🙋
Gi kvarandre ros og trekke fram gode prosjekt! (Ikkje så god på det sjøl, heller😊)
Hva liker du å gjøre når du ikke jobber? 🕹️
I fritida går det mest i å holde følgje med ein aktiv mann og to mindre gutar på 6 og 9 år på toppturar sommar og vinter, buldring, stisykling og generelt uteaktivitetar i den fine naturen i Sogn.
- Det første jeg koda var en ball på Commodore 64
Ukas Koder Anne Marte Hjemås i JProfessionals feirer 20 år som utvikler.