ANNONSØRINNHOLD

Skap framifrå forskingsprosjekt i eit internasjonalt miljø

Hos oss får du vere ein del av eit internasjonalt arbeidsmiljø, og bidra til framifrå forskingsprosjekt!

Vil du vere ein del av eit internasjonalt arbeidsmiljø,

og bidra til framifrå forskingsprosjekt?

Vi søker DevOps systemadministrator og systemutviklar.


Institutt for informatikk

Digitalisering av næringsliv, offentleg forvaltning og utdanning gjer at informatikk spelar ei stadig viktigare rolle i samfunnsutviklinga. Forsking og utdanning i informatikk er avgjerande for at den digitale transformasjonen av samfunnet skal lykkast. Om du ynskjer å vere ein del av eit gjennomgåande internasjonalt arbeidsmiljø, og å bidra til framifrå forskingsprosjekt, så søk jobb hos oss på Institutt for informatikk.

Instituttet er stort, og har vore i sterk vekst dei siste åra. No har vi om lag 1000 studentar innom oss, og av dei 150 tilsette er nærare 40 forskjellige nasjonalitetar representert. Desse stillingane vil vere ein del av teknikarteamet på Computational Biology Unit (CBU), som er UiB sitt forskingssenter for bioinformatikk. CBU koordinerer ELIXIR Norway, den norske noden i ELIXIR, den europeiske ESFRI infrastrukturen for livsvitskap data.

Senioringeniør/overingeniør (DevOps systemadministrator)

Vi har ledig inntil to stillingar som senioringeniørar.

I denne jobben vil du være ein del av CBU Service Group. Dette er ei gruppe som utviklar og drifter e-infrastruktur for forsking innen livsvitskap, og du skal samarbeide med forskarar og andre IT-tilsette både ved instituttet og ved universitetet sin sentrale IT-avdeling.

Hovudarbeidsoppgåva vil vere å administrere og vedlikehalde Linux-basert serverinfrastruktur over ulike typar virtuelle og fysiske plattformer.

Om det ikkje meldar seg kvalifiserte søkjarar til stillingane som senioringeniør kan det bli aktuelt å tilsetje ein eller to kandidatar i stilling som overingeniør. Krav til kvalifikasjonar og praksis blir i så tilfelle redusert tilsvarande.

Les meir og søk på stillinga her.

Senioringeniør/overingeniør (systemutviklar)

Vi har ledig inntil to stillingar som senioringeniørar, systemutviklarar.

Stillinga er ein del av CBU Service Group, og hovudarbeidsoppgåver vil vere programmering og utvikling av programvaresystem i eit vitskapeleg miljø med fokus på e-infrastruktur for bioinformatikk og berekningsbasert biologi. Stillinga bidrar til utviklingsarbeid i samanheng med ELIXIR Norway, inkludert nasjonale og internasjonale infrastruktur prosjekt knytt til ELIXIR Norway noden. Eit sentral prosjekt har fokus på sikker datadeling av sensitive livsvitskapdata og kontrollert tilgang i eit distribuert system.

Om det ikkje meldar seg kvalifiserte søkjarar til stillingane som senioringeniør kan det bli aktuelt å tilsetje ein eller to kandidatar i stilling som overingeniør. Krav til kvalifikasjonar og praksis blir i så tilfelle redusert tilsvarande.

Les meir og søk på stillinga her.

Om Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad. Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet består av sju institutt og en rekke sentre. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.