Rekordmange studentar vil ha sommar­­jobb i Leikanger

143 søkarar til DigDirCamp: – Mogleg eit signal om at det blir vanskelegare å komme ut i jobb for nyutdanna.

Digitaliseringsdirektoratet reklamerer for sommarjobben i Leikanger med moglegheita til å bade i Sognefjorden. Her frå 2023.
Publisert

Den årlege "DigdirCamp" til Digitaliseringsdirektoratet i Leikanger, nord i Vestland fylke, har fått ein søknadsboost det siste året. 

Rekordmange søkarar, faktisk. 

– I år fekk vi 143 søkarar. Det er ganske likt som i fjor med 139, men det var eit ganske stort hopp fra tidlegare år der me låg på under 50, fortel Kristoffer Svedal, rådgjevar i Digitaliseringsdirektoratet, til kode24.

Han trur det kan henge saman med at dei har flytta søknadsfristen litt fram. I år var den 11. januar. 

Og berre åtte av dei 143 søkarane får ja. 

Kristoffer Svedal deltok sjølv på sommarcamp i 2023 og fekk jobb kort tid etter.

Fleire med ferdig utdanning

Direktoratet lokkar med å kunne bade i Sognefjorden, og få jobbe tett på utviklingsmiljøet deira som moderniserar IKT-tenester i Noreg.

Svedal er godt nøgd med søkartalet på sommarjobben. Dei ser etter studentar som går IT-utdanning, og det er primært dei som søker. 

Samtidig ser direktoratet ein ny trend i søkerlista. 

– Vi ser at det er fleire i lengre utdanningsløp som søker. Altså at det er fleire masterstudentar, og studentar i innspurten av bachelorgraden. Mogleg dette er eit signal om at det blir vanskelegare å komme ut i jobb for nyutdanna, seier Svedal. 

Slik kan det sjå ut på sommarcamp hos Digdir i Sogndal.

Rekrutteringskanal

Dei som får plass på campen, får også høgare sjanse til å få jobb i direktoratet. 

Svedal var sjølv deltakar på DigdirCamp i 2023 og fekk sidan jobb i direktoratet i Sogndal.

– Eg fekk jobb rett etter campen, men skulle ta fleire fag på NTNU, så eg begynte i jobben januar 2024, fortel han. 

Oppgåveløysing og sosialt

Gjennom sommaren skal studentane jobbe med to konkrete oppgåver. 

– Dei står fritt til å velje gruppeinndeling, teknologiar og prosess sjølve. 

Tidlegare har studentar fått bryne seg på oppgåver som «Korleis kan ein kople ID-porten med Internet of Things?» og «Korleis kan ein automatisere kontrollen av at nettsider oppfyller standardkrava til tilgjengelegheit?».

Studentane som kjem frå andre stader blir innkvartert på ein folkehøgskule i nærleiken. 

– Vi har erfart at dei som har innkvartering finn på mykje saman på fritida og tar med seg dei lokale på aktivitetane. Vi prøver derfor å få ein god balanse der det er litt fleire ikkje-lokale enn lokale studentar, seier Svedal.

Powered by Labrador CMS