Kartverket har modernisert Norgeskartet: – Eit generasjonsskifte

Ved å gå fra Angular til React 19 skal norgeskart.no bli raskare, meir stabilt og lettare å vidareutvikle.  – I større grad retta mot sluttbrukaren, sier team lead Mortada Abel Kasale. 

Petter Langenes og Mortada Abel Kasale i Kartverket har jobbet med det nye Norgeskartet.
Publisert

Tysdag kjem Kartverket med ein ny versjon av det digitale Norgeskartet. 

– Norgeskart.no har fått fleire funksjonar, blitt raskare og meir stabilt, seier Petter Langenes, som har har leia arbeidet med vidareutviklinga av nye Norgeskart for Kartverket. 

Nettsida har 20.000 direkte daglege brukarar, mens dei underliggande karttenestene som blir brukt på tvers av ulike samfunnsområde har rundt 15 milliardar visningar per år. 

– Alt i alt er dette eit generasjonsskifte - frå ei teknologisk låst løysing med tidvis tilfeldig arkitektur, til ein moderne, skalerbar og robust plattform med tydeleg eigarskap, seier team lead og senioringeniør Mortada Abel Kasale. 

Eit team på fire personar

Tre utviklarar og ein designar har sidan seinsommaren i fjor jobba med moderniseringa. 

Dei tok utgangspunkt i ei brukarundersøking frå 2025 med 8000 svar, der i overkant av 90 prosent var tilfreds- eller svært tilfreds med tenesta. 

Men frustrasjonane deira la føringar for at det no skal ha blitt: 

  • raskare kart
  • forbetra teiknefunksjon
  • posisjonsvisning for brukarar direkte i kartet
  • moglegheit for visning i fleire koordinatsystem
  •  ei integrert løysning for å melde inn feil i kartdata

– Resultatet er eit nytt produkt som i større grad enn tidlegare er retta mot sluttbrukaren, fortel Kasale. 

1500 kartbrukarar fekk delta i ei brukargruppe undervegs. Utviklarane har brote ned dei store jobbane i mindre oppgåver og arbeidd iterativt. 

– For utviklinga betyr det at vi no kan levere små og store forbetringar langt oftare. Løysinga er dessutan publisert som open kjeldekode.

Petter Langenes og Mortada Abel Kasale meiner det nye kartet er betre for brukarane.

Store endringar under panseret

Så kva har dei faktisk gjort under panseret? 

– Vi har gått frå plattformen AngularJS til React 19, og alt er skrive på nytt i TypeScript. Det gir moglegheit til hyppigare forbetringar, høgare kvalitet – og ikkje minst eit veldig godt utgangspunkt for framtidig vidareutvikling og innovasjon, seier Langenes. 

Han seier det var nødvendig å endre plattform for applikasjonslaget for å kunne standardisere brukaropplevinga gjennom Kartverket sitt designsystem.

– Kva er gjort for å modernisere teknologien?

– Sjølve kartklienten er basert på OpenLayers, medan ein MapLibre‑plugin vert brukt for å vise vectortiles for det nautiske bakgrunnskartet. Det gjer det mogleg å levere oppdaterte nautiske bakgrunnskart, som kombinerer offisielle ENC‑data med tydelege papirkart‑prinsipp for betre lesbarheit på alle zoomnivå, seier Langenes. 

ENC står for Electronic Navigational Charts. 

– Vi har også etablert ein solid infrastruktur for automatiserte ende‑til‑ende‑testar i alle store nettlesarar som  Chrome, Firefox, Edge og Safari,  slik at vi kan sikre kvalitet betre enn før, seier Langenes. 

Dei tekniske endringane

  • Ny plattform: Kartverket har gått frå AngularJS → React 19, alt skrive på nytt i TypeScript. 
  • Utviklingshastigheit: Byggetid frå titals sekund til < 1 sekund (Vite) → raskare iterasjonar og hyppigare forbetringar. 
  • Kartmotor: Oppdatert kartbibliotek med støtte for MapLibre GL → jamnare animasjonar og betre yting (særleg på bakgrunnskart). 
  • Designsystem: @kvib/react (Kartverket sitt felles designsystem) → meir konsistent UI på tvers av Kartverket sine flater. 
  • Testing: Automatiserte ende‑til‑ende‑testar i Chrome, Firefox, Edge og Safari → stabilitet før produksjon. 
  • Plattformtenester: SKIP (Kartverket sin infrastrukturplattform), Docker, Caddy webserver. 
  • Innsikt: PostHog for analyse og brukarstatistikk. 
  • Open kjeldekode: Kodebasen forvaltast i GitHub, tilgjengeleg for alle på https://github.com/kartverket/norgeskart. 

Google Maps bruker kartet

Kasale seier dei skal oppdatere kartet omlag ein gong i veka. No håper dei enda fleire vil bruke sidene. 

– Til dømes no som vi har fått inn meir sjørelatert innhald som gjer at fleire som skal planlegge turar til sjøs kan bruke Norgeskart.no til å gjere det, seier Petter Langenes.  

– I kva grad konkurrerer de med Google Maps?

– Kartverket skal sørge for at Noreg har dei beste og mest oppdaterte data om landet vårt. Som mange andre private aktørar hentar også Google Maps data frå Kartverket som vert brukt vidare til innovasjon og utvikling. Vår viktigaste oppgåve med Norgeskart.no, er å gi brukarane tilgang til kart- og eigedomsinformasjon dei kan stole på, seier Henrik Sartz, IT- og digitaliseringsdirektør i Kartverket. 

Han peiker på at behovet for pålitelege kart- og eigedomsdata aukar i ei tid prega av både geopolitisk uro og klimautfordringar. 

– Kartdata er ein viktig del av den digitale infrastrukturen og det digitale totalforsvaret i Noreg, seier Sartz. 

Powered by Labrador CMS