IRC-skaperen:
– Jeg tjente ingenting

Anne Gunn Halvorsen fant finnen bak legendariske IRC, til boka "Mitt internett". – Hadde jeg prøvd å tjene penger, ville det ikke spredd seg, sier Jarkko Oikarinen i intervjuet.

IRC, gjerne i klienter som Mirc, var å finne på stort sett alle internett-oppkobla PC-er gjennom 90-tallet. Her fra datapartyet Norvegia 2001 i Skien.
Publisert

💡 om teksten

Dette er eit utdrag frå boka "Mitt internett – då WWW kom til Noreg" av Anne Gunn Halvorsen. No er det 30 år sidan internett vart allemannseige i Noreg. "Mitt internett – då WWW kom til Noreg" er første bok i ein planlagd trilogi om dei tre siste tiåra til internett.

Finske Jarkko Oikarinen var 20 år då han keia seg så inderleg at han fann opp kryptonitten for keisemda.

Dette er mannen som laga protokollen for IRC, Internet Relay Chat. Han gjorde det mogleg for folk å snakke saman på direkten over internett.

Dette skjedde sommaren 1988. 

Jarkko Oikarinen var student og stuck i Oulu, ein by nordvest i Finland. I 1973 selde denne byen 97 mål kommunal eigedom til eit dotterselskap av Nokia-konsernet. Dette sette i gang ein spiral av heldige hendingar for den vesle byen. Trass i avsides plassering har staden vore i vekst og smykkar seg i dag med ein moderne, teknologisk identitet. 

Forfatter Anne Gunn Halvorsen har intervjua IRC-skaperen til sin nye bok "Mitt internett – då WWW kom til Noreg».

Det er her Jarkko Oikarinen har sommarjobb på institutt for informasjonsvitskap, sommaren 1988. Han skal passe på ein dataserver, noko som ikkje krev heile kapasiteten til den unge it-studenten. For å få tida til å gå puslar Oikarinen med eit eksisterande kommunikasjonsprogram som ikkje funkar så bra. 

Snart og utan store fanfarar sit han med koden, sjølve protokollen til Internet Relay Chat (IRC), føre seg. Dette gjer det mogleg for fleire å chatte, altså tekste med kvarandre over nettet i sanntid. 

Internett i 1988

Det kule og nyskapande her, utover at det fungerer, er at «alle» kan vere med på å bygge det ut. 

Kven som helst kan setje opp ein server og slik bli ein del av nettverket. Ein kan tenke på det som eit slags jernbanesystem, alle kan setje opp ein «stasjon» og legge ut skjener, slik at folk kan kommunisere på tvers av serverane. Og jo fleire stasjonar og skjener, jo meir stabil blir konstruksjonen.

I 1988 prøvde styresmaktene framleis å finne ut korleis eit datanett optimalt sett burde fungere. EU og Noreg prøvde som nemnt å utvikle eigne nett, og som i USA var målgruppa for desse offentlege universitet og utdanningsinstitusjonar. Håpet var at eit datanett kunne gjere det enklare å dele forsking og praktisk informasjon. Der ein ikkje hadde fått eigne nett opp og stå, brukte ein gjerne det primitive, men fungerande amerikanske internettet som ei mellombels løysing. 

Datanett var ikkje noko folk hadde heime.

Frå universitetet i Oulu brukte Oikarinen IRC til å prate med vennene sine på universitet lenger sør i Finland. Han sende ut nokre tips om sitt eige program hit og dit, men høyrde ikkje noko meir på fleire månader. 

Heilt til han plutseleg høyrde veldig mykje. 

Studentane elska oppfinninga

Snart begynte det å poppe opp nye serverar over heile verda. IT-studentar på eliteuniversitet i USA hadde fatta interesse for chatteprogrammet hans, og det spreidde seg raskt over landegrenser. 

Studentane viste seg å elske oppfinninga til Jarkko Oikarinen. På fleire universitet vart IRC så populært at det tok for mykje av kapasiteten til nettverka, som jo skulle brukast til forsking og akademiske gjeremål. Universitetet til Oikarinen forbaud i ein periode studentane å bruke IRC. 

Teksten er et utdrag fra boka "Mitt internett - då WWW kom til Noreg".

Sjølv trekte han seg snart unna heile IRC og gjekk tilbake til studia. Oikarinen tok ei doktorgrad i helseteknologi og forsvann tilsynelatande frå heile internett. Berre ei svært gammaldags heimeside vitnar i dag om hans eksistens. Her er det telefonnummer og ei lang forklaring på kor slitsamt og dumt det er med spam-mail på internett. 

Eg ringer nummeret, men kjem ikkje fram. Eg sender tekstmelding og e-post, og leitar etter han i den finske telefonkatalogen og nasjonale register.

Alt utan resultat.

Men så, veker seinare, plingar det i innboksen. Jarkko Oikarinen har høyrt at eg har prøvd å få tak i han. Om han var redd for at eg var ein galen stalker, blir han kanskje ikkje veldig roleg av responsen min. «It’s cool that I can actually write you an e-mail! It’s like meeting the wizard of Oz!» hamrar eg ned og sender til den mediesky datamannen utan å tenke eller lese gjennom først. 

Alt var nytt, og som student hadde ein nærast uavgrensa tid og lite behov for pengar.

"Alt var mykje enklare då"

I ettertid forstår eg ikkje heilt kva som gjekk av meg akkurat her. Eg trur eg vart starstruck, rett og slett. 

Wizard of Oz-metaforen er i tillegg ei stor fornærming. Alle som har sett musikalen Trollmannen fra Oz, veit jo at sjølve poenget er at trollmannen ikkje er ein magikar, men berre ein vanleg mann. Hans «magi» er berre ein konstruksjon av lys og røyk. Bak alle forhenga står ein enkel, vanleg mann og lèt som. 

Oikarinen tar den halvsprø energien min med fatning, og for alt eg veit, synest han kanskje falsk trollmann-samanlikninga held vatn. Han kalla seg rett nok «Wiz» på IRC, men verkar etter alle solemerke å identifisere seg som ein vanleg mann i dag. Høfleg går han med på å gi eit intervju. 

Sidan han ikkje liker chat (!) og lange e-postar, foreslår han ein videosamtale innimellom dagjobbinga si hos Google. Ein månad etter eg begynte å leite etter han, har eg han tilgjengeleg på skjermen min.

No er eg ikkje veldig stolt av å sitere mitt første spørsmål, men eg gjer det likevel.

– Følte du deg som eit geni då du hadde laga IRC?

– Nei. For å vere ærleg var det litt slik på den tida at dersom du var ein programmerar som brukte nok tid, kunne kva som helst skje. Alt var mykje enklare då. Alt var nytt, og som student hadde ein nærast uavgrensa tid og lite behov for pengar, seier han.

Tente ikkje pengar på IRC

Etter å ha sjøsett IRC heldt han det heile ved like nokre år, før han gjekk tilbake til studia.

– Tente du pengar på IRC?

– Ikkje direkte, nei.

– Er du lei deg for det?

– Eg tenker at dersom eg hadde prøvd å tene pengar på IRC, ville det ikkje ha spreidd seg på same måten. IRC kunne berre blitt til på akkurat den måten det faktisk skjedde. Det handla om å få snakke med venner og sjå kva som gjekk an å få til teknologisk. Det var alt.

– Hender det at du ser mot store nett-gründerar, som Mark Zuckerberg og Evan Spiegel, og tenker: Det kunne vore eg?

– Eh, nei. Det gjer eg ikkje. Eg er ganske nøgd med det eg gjer i dag. 

Mannen som gjorde det mogleg å chatte, er roleg og avbalansert når han snakkar om IRC. Til kvardags presenterer han seg ikkje som mannen bak IRC. Han nemner det om IRC kjem opp i ein samtale, men som han seier: «Det gjer det ikkje så ofte.»

– Heimesida di ser ekstremt gammal ut?

– Ja. Det er litt med vilje og litt fordi eg er lat. Eg har ikkje eigentleg noko behov for ei heimeside. Eg treng ikkje vere tilgjengeleg. 

IRC kunne berre blitt til på akkurat den måten det faktisk skjedde.

Elskar å fly

Jarkko Oikarinen har sjølv aldri vore ein stor chattar. 

Han likte alltid betre å lage programma enn å bruke dei. Kjekkare å konstruere dataspel enn å spele. 

Han er også sjeldan på sosiale medium og bruker dei stort sett berre for å hente informasjon om korleis ein handterer småfly.

Han elskar nemleg å fly. 

Når året er på sitt aller lysaste og sola aldri går ned, drar han til Kuusamo, der han vaks opp, heilt nord i Finland, kliv om bord i eit lite fly og lettar. 

Så siglar han rundt der oppe, høgt over alle oss andre, og kikkar ned på finske skogar og vatn.

💡 Dette var eit utdrag frå boka "Mitt internett – då WWW kom til Noreg" av Anne Gunn Halvorsen. No er det 30 år sidan internett vart allemannseige i Noreg. "Mitt internett – då WWW kom til Noreg" er første bok i ein planlagd trilogi om dei tre siste tiåra til internett.

Powered by Labrador CMS