ANNONSØRINNHOLD

Vi treng ein utviklar som kan vere med å ta mobil- og nettbanken vår vidare.

Brenn du for utvikling, og har lyst å vere med å skape dei beste bankløysingane i Norge? Vi har no ledig stilling som frontend-utviklar.

Vi søkjer etter utviklar som kan vere med å ta mobil og nettbanken vår vidare. Onlinebanken vår er nettopp kåra til den nest beste i landet av EPSI, er utvikla frå botnen av og drifta frå hovudkontoret vårt i Førde. Vi søkjer deg som vil vere med å styrke satsinga vår ytterlegare.

I denne rolla vil du bli ein del av eit miljø som nyttar TypeScript, Angular 2, React, Gatsby, Sanity, Svelte, CI/CD og Git/Gitlab runners.

Eigenskapar

Vi ser etter deg som gjerne har lang erfaring frå store utviklingsmiljø, men dette er ikkje noko krav. Vi vil også vurdere søknadar frå nyutdanna og deg som er ny i arbeidslivet.

Du må vere glad i å jobbe saman med andre i høgt tempo og like å stadig søke å forbetre og gjere tenestene våre best mogleg for kundane våre. Du bør ha høgare relevant utdanning, og vere god i både norsk og engelsk.

Vi tilbyr

  • Ei spennande og utfordrande stilling med god moglegheit for personleg utvikling i ein innovativ og framtidsretta bank
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Eit veldig godt arbeidsmiljø med gode kollegaer som vil ta godt imot deg

Sparebanken Sogn og Fjordane er den niande største sparebanken i landet og har nær 50 prosent av marknaden i Sogn og Fjordane. Banken har ein forvaltningskapital på om lag 63 milliardar kroner og nær 270 tilsette i Sogn og Fjordane og Bergen. Banken er det største finansielle fagmiljøet mellom Ålesund og Bergen. Vi støttar næringsutvikling i regionen og bidreg til omstilling til eit meir klimavennleg og berekraftig samfunn.

Kontaktpersonar: Teknologidirektør Reiel Haugland, 410 27 905