ANNONSØRINNHOLD

Netlife søkjer erfarne utviklerar

Me søkjer erfarne utviklerar som meiner at den beste koden er den som er lett å endre, og verdset god, konsis dokumentasjon.

Målet vårt er å lage digitale tenester som funker for folk, og me trur at den beste måten å gjere det på er gjennom tverrfagleg arbeid der psykologisk tryggleik er på plass.

Denne stillingen er perfekt for utviklerar som vil vekk ifrå prosjekt-kviskreleik og som heller vil ta dialogen direkte med kunder eller andre fagdisipliner. Hos oss vil du få fridom og ansvar til å ta vala som du meiner er riktige for å sikre at me lager digitale løysinger på best mogleg måte.

Du vil få jobbe i skjæringspunktet av design, teknologi og forretningsforståelse og medvirke i alle prosjektfaser fra innsalg, til utvikling, til kunnskapsdeling, til forvaltning og kundeoppfølging.

Teknologifilosofisk så er me glad i godt handtverk. Det betyr at me verdset dybdekjennskap i klassiske teknologier som html, css, javascript og utviklingsmetodikk som testdrevet utvikling, trunk-basert utvikling, løpende testing og utrullering (CI/CD). Vidare er me er nysgjerrige på metodikk og teknologier som Next.js, Tailwind, Serverless og Typescript.

Samtidig så er det viktig for oss å vere kritisk til teknologiene me tek i bruk fordi det skal vere lett å ta vare på det me bygger. Derfor har me som selskap valgt å ikkje satse på Kubernetes fordi skyer som Heroku, Netlify og Vercel gir oss god fart i kundeprosjekter. Me held augo oppe etter betre server-abstraksjoner, men dette er det me nyttar for no og me diskuterer dette gjerne.

Her finner du ingen guruer og ninjaer, berre folk som har lyst til å møte på jobb for å lage ting som me kan vere stolt av, og så la jobb få vere jobb og gå heim i god tid.

Kven er du

  • Du har fleire års erfaring med å jobbe som teknolog, med eller uten formell utdanning. Hos oss jobber det både folk med masterutdanning og folk utan videregåande utdanning.
  • Du deler vårt faglege grunnsyn: me set alltid mennesker og kloden først – og lager tenester folk treng og liker, og som gir effekt
  • Du er grunnleggande nysgjerrig av natur – og kan lytte
  • Du deler det du kan med andre – både kunder og kollegaer
  • Du har erfaring frå fleire krevande kodebaser, og har meininger om korleis ein kan strategisk byggje seg ut av komplekse situasjoner.

Kva får du

  • Bli ein del av eit sterkt fagmiljø der me lærer av kvarandre
  • Ein unik moglegheit til å bygge opp din digitale kompetanse, og lære meir om klodevennleg teknologi
  • Rom for fagleg utvikling gjennom ditt eget budsjett med penger til kurs og konferanser
  • Seks ukers ferie og god lønn
  • Helseforsikring, inkludert tilgang på KRY og digital legetime, reiseforsikring og god pensjonsavtale
  • Arbeidsplass i våre flotte lokaler i Bergen sentrum. Her kan du lese bloggposten om korleis me innreidde dei nye lokalene med bærekraft i fokus

Me har også mange sosiale og faglige arrangementer, som:

  • Pils & proto kvar fredag, der me feirer feil og deler det me har lært.
  • Årleg firmatur med faglig og sosialt opplegg
  • Bedriftsidrettslag som arrangerer til dømes jogging, brettspelkveld og klatring.

I tillegg er det viktig for oss at alle trives på jobb, uansett kven du er og kor du kjem ifrå.

Skriv nokre ord om kva som gjer deg til deg og sleng med CV, linkedin-profil, portfolio, case-studies og/eller dine private repoer om du har det.