ANNONSØRINNHOLD

Er du god på programmering?

Vi søker tre utviklarar som ønskjer å modernisere og utvikle det nye Noreg

Digitaliseringsdirektoratet (Digdir) søker erfarne systemutviklarar til mellom anna utviklinga av ID-Porten. ID-Porten er ei felles innloggingsløysing for heile offentleg sektor.

ID-Porten er no midt i ei spennande reise der vi skal implementere ny systemarkitektur med stadig fleire tenester i skya. Dette skal skje samtidig med at vi handterer stor auke i trafikken og stadig fleire tenester som vilta i bruk løysinga. Vi skal ha stabilitet og ytelse heile vegen.

Til desse spennande oppgåvene søker vi no etter utviklarar. Primært seniorar, men også nyutdanna vil bli vurdert.

Vi søker deg som vil bli ein del av eit av Norges fremste kompetansemiljø innan systemutvikling. Vi har alltid fokus på sikkerheit og tilgjengelegheit, samtidig som vi arbeider med spennande teknologiar.

I Digdir vil du bli ein del av eit større fagmiljø på snart 30 utviklarar. Du vil møte varierte arbeidsoppgåver og gode moglegheiter for personleg utvikling. Vi legg vekt på smidig arbeidsmetodikk og effektive leveransar. Du kjem til å arbeide med fagmiljø i og utanfor direktoratet.

Utviklingsmiljøet i Digdir jobbar planmessig, med stor fagleg tyngde og høge ambisjonar. Det er viktig at du er nysgjerrig og utforskande innan teknologi og metodikk, og evnar å sjå korleis dette kan nyttast i utviklinga av digitale løysingar. Som medarbeidar hos oss vil du ha stor påverking på val av teknologi og verktøy i ditt team.

Stillingane er faste med kontorstad i Sogndal kommune. Kontorstad heime eller på ein av våre andre lokasjonar, i Brønnøysund eller Oslo, kan vurderast i særlege tilfelle.

På grunn av avvikling av sommarferie kan det ta noko lenger tid å handsame denne rekrutteringssaka.

Dine arbeidsoppgåver

  • Systemutvikling i eit smidig produktteam
  • Delta i design, utvikling og forvaltning av ID-Porten, MinID og andre fellesløysingar
  • Bidra til at sikkerheit og ytelse blir ivareteke
  • Jobbe med avansert arkitektur ved bruk av sky-teknologi
  • Bidra til automatisering, kontinuerleg integrasjon & deploy i vår byggepipeline
  • Vere pådrivar for kvalitet i kodeleveranse

Kvalifikasjonar

Du må ha

  • bachelor- eller masterutdanning innan programmering og systemutvikling. Lang og særleg relevant erfaring kan kompensere for kravet til mastergrad
  • god munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk og engelsk

· For å bli seniorrådgivar må du ha minst tre års erfaring i systemutvikling.

· Er du nyutdanna er vi opptekne av at du har gode resultat i utdanninga og relevante fagsamansetningar. Vi er opptekne av at du har erfaring frå arbeidslivet og det å arbeide både sjølvstendig og saman med andre.

Avhengig av erfaring og utdanning ønskjer vi at søkarane har god kunnskap og erfaring frå eitt eller fleire av følgjande område:

  • Systemutvikling i Java, gjerne med god kjennskap til Spring-rammeverket
  • Løysingsarkitektur som støttar kontinuerlege leveransar
  • Teamarbeid med utvikling basert på smidige metodar
  • Kvalitet i kodeleveranse inkludert modellering, "clean code" og testing
  • Docker, Kubernetes og mikrotenestearkitektur

Vi søkjer deg som

  • jobbar godt sjølvstendig og i team
  • er løysingsorientert og tek initiativ når du ser nye moglegheiter
  • har god evne til å vidareformidle kunnskap og kommunisere klart med leiinga og dine kollegaer

Inkluderande arbeidsliv og mangfald

Vi har tru på at mangfald er ein viktig byggestein i eit godt, spennande og utviklande arbeidsmiljø, og vi oppfordrar alle kvalifiserte kandidatar til å søke. Rett kompetanse på rett stad er vår viktigaste prioritering når vi rekrutterer, og vi vil legge til rette for at personar med nedsett funksjonsevne også kan jobbe hos oss. Vi jobbar med å realisere regjeringas mål om at fem prosent av alle nytilsettingar skal vere personar med funksjonsnedsetting og kandidatar som av ulike årsaker ikkje kan dokumentere ein samanhengande yrkeskarriere. Dersom du oppgir opplysningar om funksjonsnedsetting, innvandrarbakgrunn eller hol i CVen i søknaden, kan dette bli brukt anonymisert til statistikkformål.

Vi tilbyr deg

  • spennande arbeidsoppgåver med stor friheit i val av verktøy
  • løn som rådgjevar eller seniorrådgjevar i lønsspennet kr 524 900 - kr 850 000 pr. år etter kvalifikasjonar. For spesielt kvalifiserte søkjarar kan vi vurdere høgare løn
  • familievennleg personalpolitikk med gode arbeidstidsordningar
  • opning for to timar trening i arbeidstida
  • medlemskap i Statens pensjonskasse som er ei av landets beste pensjonsordningar med gunstig bustadlån og gode forsikringsordningar

Les meir om å jobbe i staten på Arbeidsgiverportalen.

I tillegg til spennande faglege utfordringar kan vi også tilby kombinasjon av fleksibel arbeidstid og fantastiske mogelegheiter for kortreiste friluftseventyr i kvardagen. Visste du at Sogn er kjent for sin gode laussnø og fantastiske sykkelstiar?

Vil du vite meir?

Synes du dette høyrest interessant ut og ønskjer nærare informasjon, kontakt gjerne

Gruppeleiar Aamund Bremer, aamund.bremenr@digdir.no , 970 30 838

Gruppeleiar Steinar Henriksen, steinar.henriksen@digdir.no, 958 19 821

Seksjonsleiar Jørn Stenehjem, jorn.stenehjem@digdir.no, 911 46 279

Vitnemål og attestar må følge søknaden. Vi ber om at du hentar vitnemål frå Vitnemålsportalen direkte i Jobbnorge når du søker stillinga. Har du teke heile eller delar av utdanninga di i utlandet, ber vi om ei autorisert oversetting av papir og vitnemål, og godkjenning frå NOKUT.

Søkarlister kan bli offentleggjort iht. offentleglova § 25. Dersom du ønsker å reservere deg frå oppføring på offentleg søkarliste, må dette begrunnast. Opplysningar kan bli offentleggjort sjølv om du har bedt om ikkje å bli oppført på søkerlista. Du vil i så fall bli varsla.

Om Digdir

Digdir er underlagt Kommunal- og moderniseringsdepartementet. Direktoratet har om lag 330 tilsette fordelt på våre kontor i Brønnøysund, Leikanger og Oslo. Vi har fire fagavdelingar, to stabs- og støtteavdelingar og eit tilsyn for universell utforming av ikt som har ei særskilt uavhengig rolle. Våre verdiar er påliteleg, inkluderande og uredd.

Direktoratet er regjeringas verktøy for ei raskere og meir samordna digitalisering av offentleg sektor. Vi skal bidra til enklare og meir tilgjengelege offentlege tenester for innbyggjarane, og auka verdiskaping for næringslivet. Vår visjon er saman for ein enklere digital kvardag.